Hopp til innhold

Barne- og ungdomsarbeidar i skule og SFO

Arbeidsgiver

Eidet skule, Haram kommune

Sted

Vatnevegen 41, 6265 Vatne

Om jobben

Oppstart
1. januar 2027
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar i skule og SFO
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 8. november

Har du lyst å vere med og arbeide som barne- og ungdomsarbeidar på Eidet skule og SFO i Haram kommune? Vi har ledig eit 100% årsvikariat grunna fødselspermisjon frå 01.01. til 31.12.2027. Stillinga følgjer vanleg arbeidsår. Eidet skule er ein flott og heilt ny skule med om lag 400 elevar frå 1. til 10. trinn og om lag 120 barn på SFO. Skulen ligg fint til mellom bygdene Vatne og Tennfjord, ved foten av Ramnfloget med Eidet kulturhall og Ravn Stadion som næraste naboar. Vi har flotte fasilitetar med topp moderne undervisningslokale, spesialrom til alle fag, gode arbeidsrom, 1-1 dekning med iPad/PC, elevkantine, amfi og bibliotek.

Vi fokuserer på å skape ein trygg og inkluderande skule som opnar dører mot verda og framtida for elevane våre. Visjonen til Eidet skule er "Eigne steg, felles veg". Det er tett samarbeid mellom skule og SFO. Vi ønskjer å skape ein skule som er ein nær del av lokalsamfunnet, og som elevar, tilsette og føresette er stolt over å vere ein del av.

I kommunalområde Barnehage og skule har vi fleire barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.

Arbeidsoppgåver

  • Gje omsorg og vere ein trygg vaksenperson for kvart enkelt barn
  • Gje barn positiv oppfølging og støtte
  • Følgje opp enkeltelevar med særskilte og samansette behov
  • Rettleie barn i leik og aktivitetar
  • Leggje til rette for og gjennomføre aktivititetar i skule og SFO
  • Personleg assistanse i høve av- og påkledning, stell og pleieoppgåver og måltid
  • Samarbeide med skulen sine tilsette
  • Samarbeide med andre faginstansar ved behov

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller anna relevant utdanning/erfaring
  • Erfaring med arbeid med barn i skule, SFO og barnehage
  • Beherske norsk godt både skriftleg og munnleg
  • Godkjent politi- og tuberkulinattest

Personlege eigenskapar

  • Likar å arbeide med barn og unge og spesielt dei som treng ekstra støtte
  • God vaksen rollemodell med gode omsorgsevner og med fokus på kvart enkelt barn
  • Kunne arbeide både sjølvstendig og saman med andre
  • Ansvarsfull, engasjert og tar initiativ
  • Trivast i ein aktiv kvardag med både inne- og uteaktivitetar
  • Har lyst å skape gode arbeidsdagar i lag med elevar og kollegaer
  • Positiv og godt humør

    Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Ei spanande stilling der du kan gjere ein positiv skilnad i barn sine liv
  • Ny og moderne skule og SFO
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptatt av å saman skape eit trygt og godt skulemiljø
  • Vere del av eit lokalsamfunn i vekst der mykje positiv aktivitet vert skapt
  • Løn i samsvar med gjeldande tariffavtale 
  • God pensjonsordning

Kontaktinformasjon

Ole André Lukkedal, Rektor, 48112398, ole.andré.lukkedal@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Vatnevegen 41
6265 VATNE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5197928185
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2027
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 08.11.2026

Kontaktperson for stillingen

Ole André Lukkedal

Rektor

48112398

ole.andré.lukkedal@haram.kommune.no

Om bedriften

Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3dc4288f-3b57-4825-ab2c-3b8c920aa916

Sist endret

2. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

e6aa181a5ab9473e9b42580bdfc273fd

Lignende annonser

Laster lignende annonser