Tilkallingsvikarar som lærar og assistent
Eidet skule, Haram kommune
Vatnevegen 41, 6265 Vatne
Om jobben
- Oppstart
- 1. september 2026
- Stillingstittel
- Tilkallingsvikarar som lærar og assistent
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 0%
- Antall stillinger
- 2
Søk på jobben
Søk senest søndag 20. juni
Eidet skule er ein flott og heilt ny skule med litt under 400 elevar frå 1. til 10. trinn og om lag 120 barn på SFO. Skulen ligg fint til mellom bygdene Vatne og Tennfjord ved foten av Ramnfloget med Eidet kulturhall og Ravn Stadion som næraste naboar. Vi har flotte fasilitetar med topp moderne undervisningslokale, spesialrom til alle fag, gode arbeidsrom, 1-1 dekning med IPad/PC, elevkantine, amfi og bibliotek.
Vi fokuserer på å skape ein trygg og inkluderande skule som opnar dører mot verda og framtida for elevane våre. Det er tett samarbeid mellom skule og SFO. Vi ønskjer å skape ein skule som er ein nær del av lokalsamfunnet, og som elevar, tilsette og føresette er stolte over å vere ein del av.
I kommunalområde barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.
Arbeidsoppgåver
Følgjande arbeidsoppgåver er aktuelle:- Undervisning (lærarstilling)
- Gje omsorg og vere ein trygg vaksenperson for kvart enkeltebarn
- Gje barn positiv oppfølging og støtte
- Følgje opp enkeltelevar med særskilte og samansette behov
- Rettleie barn i leik og aktivitetar
- Leggje til rette for og gjennomføre aktivititetar i skule og SFO
- Personleg assistanse i høve av- og påkledning, stell og pleieoppgåver og måltid
- Samarbeide med skulen sine tilsette
Kvalifikasjonar
- Undervisningskompetanse og relevant erfaring for lærarstilling
- Erfaring med arbeid med barn i skule, SFO og barnehage
- Beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg
- God digital kompetanse
- Godkjent politi- og tuberkulinattest
Personlege eigenskapar
- Likar å arbeide med barn og unge
- God vaksen rollemodell med gode omsorgsevner og med fokus på kvart enkelt barn
- Kunne arbeide både sjølvstendig og saman med andre
- Ansvarsfull, engasjert og tar initiativ
- Trivast i ein aktiv kvardag med både inne- og uteaktivitetar
- Har lyst å skape gode arbeidsdagar i lag med elevar og kollegaer
- Positiv og godt humør
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
- Ein arbeidskvardag der du gjer ein skilnad i barn og unge sine liv
- Ny og moderne skule og SFO
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptatt av å saman skape eit trygt og godt skulemiljø
- Vere del av eit lokalsamfunn i vekst der mykje positiv aktivitet vert skapt
- Løn i samsvar med gjeldande tariffavtale
Kontaktinformasjon
Ole André Lukkedal, Rektor, 48112398, ole.andre.lukkedal@haram.kommune.noArbeidsstad
Vatnevegen 416265 VATNE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5168070791
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 20.06.2027
Søknadsfrist: 20.06.2027
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1956a188-d208-47cb-82b4-a60aaa217aff
- Sist endret
31. august 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
03a42868f0014ebb9c17f29bd3d3e613