Ledig fast stilling som fagleiar skule i 100% frå hausten 2025
f.t. ved Svelgen Oppvekst, Bremanger kommune
Gunnar Scheldrups veg 31, 6723 Svelgen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 25. mai
Svelgen oppvekst har ledig stilling som fagleiar i 100 % stilling frå 01.08.25. Vi søker etter ein fagleiar som har evne til å skape tillit, motivere og inspirere og som har stor arbeidskapasitet. Du må ha godt humør og vere ein pådrivar i skulen sitt utviklingsarbeid både fagleg og sosialt i tråd med sentrale og lokale mål. Du må ha evne til å vere sjølvstendig, ansvarleg og fleksibel, samtidig som du er god på samarbeid og kommunikasjon.
Leiinga ved Svelgen oppvekst består av driftssjef, fagleiar skule og fagleiar barnehage. Den som vert tilsett må vere handlekraftig og god til å sette seg inn i dei allsidige arbeidsoppgåvene ei fagleiarstilling inneber.
I stillinga inngår 60 % administrasjon og 40 % undervisning, og du må derfor ha undervisningskompetanse innanfor skulen sitt fagtilbod.
Arbeidsoppgåver
Fagleiar vil fungere som leiar i pedagogiske spørsmål og administrative oppgåver når driftssjef er fråverande, samt ha følgjande oppgåver:
- informere nytilsette i skulen og gi praktisk informasjon
- kollegarettleiing i pedagogiske og psykososiale spørsmål
- vere del av skulen sitt PALS-team
- medansvar og oppfølging av skulen sitt arbeid med det psykososiale miljøet (skulen si satsing på IBOS, kap 12, skulehelsetenesta, annleisveka mm.)
- medansvar for oppfølging av einskildelevar og tidleg innsats
- medansvar overgangsarbeid i skule/barnehage
- delta på teamleiarmøte
- organisering av nasjonale prøver, eksamen og tentamen
- ha ansvar for den kulturelle skulesekken
- ha ansvar for branntilsyn, brannøvingar to gangar pr. år, branninformasjon, dokumentasjon
Kvalifikasjonar
Ved utveljing vektlegg vi søkjarar som er/har:- godkjent undervisningskompetanse og erfaring frå skuleverket
- høg relasjonskompetanse med gode samarbeids- og formidlingsevner
- avgjerdsfør/resultatorientert
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- gode IKT-kunnskapar
- erfaring og utdanning innan leiing er ein fordel, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagt.
Vi tilbyr
- Vi tilbyr ein rekke gode ordningar for busetjing i kommunen. Sjå alle ordningane her.
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
- Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
- God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i pensjonsordning. SPK.no- Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no-Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
- Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år
Kontaktinformasjon
Ingrid Leite Loftheim, Driftssjef Svelgen oppvekst, +47 46806321Arbeidsstad
Gunnar Scheldrups veg 316723 Svelgen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 4966080862
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Ingrid Leite Loftheim
Driftssjef Svelgen oppvekst
+47 46806321
Om bedriften
Bremanger kommune er ein kystkommune i Vestland fylke med ca. 3.500 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2934227
- Hentet fra
talentech
- Referanse
efc93c1a89e94d959317569a0bc7e885