Undervisningsstilling - elektrofag
OPK-AR - Årstad vgs, Vestland fylkeskommune
Fjøsangerveien 38, 5053 Bergen
Om jobben
- Oppstart
- 1. august 2026
- Stillingstittel
- Lærar - elektrofag
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid
Søk på jobben
Søk senest onsdag 29. april
Årstad vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i Bergen. Skulen har eit variert undervisningstilbod med fem yrkesfaglege utdanningsprogram og tilbod for lærlingar. I tillegg tilbyr skulen studieførebuande løp, innføringsklassar for minoritetsspråklege elevar og grupper for tilrettelagd opplæring. Skulen skal vere ein stad der alle elevar finn eit godt læringsmiljø. Sjå meir informasjon om skulen på https://www.arstad.vgs.no/
Vi har ledig 100% fast stilling som lærar i elektrofag frå 01.08.2026.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i elektrofag
- Funksjon som kontaktlærar kan bli tillagt stillinga
Kvalifikasjonar
- Undervisningskompetanse i elektrofag, fortrinnsvis fagbrev som elektrikar, men alle relevante fagbrev vil bli vurdert, teknisk fagskule og 4 års praksis
- Yrkesfaglærarutdanning
- Ingeniørutdanning innanfor elektro-fagfeltet
- Søkjarar som manglar pedagogisk utdanning/eller delar av den yrkesteoretiske utdanninga er velkomne til å søkje og kan bli tilsatt på vilkår
Personlege eigenskapar
- Gode evner til samarbeid og lagtenking
- Liker å utforske metodar som skaper elevaktiv læring
- Evne til å skape gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer
- Pedagogisk og fagleg nyfiken
- Opptatt av å skape trygge og gode læringsmiljø og opptre som ein tydleg leiar i klasserommet
- God profesjonsfagleg digital kompetanse
Vi tilbyr
- Ein kreativ skule med variasjon innanfor utdanningsprogram
- Ein kultur prega av mangfald og engasjement
- Eit spanande, godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, gode arbeidstilhøve og variert tverrfagleg samarbeid
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løns- og avtalevilkår etter gjeldande regelverk
Andre opplysningar:
- Tilsetjinga vert gjort med prøvetid på 6 månader
- Det er eit vilkår om godkjent politiattest av ny dato for å bli tilsett i vidaregåande skule
Kontaktinformasjon
Arthur Tøsdal, avdelingsleiar, 40768166Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5108779249
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 29.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Arthur Tøsdal
avdelingsleiar
40768166
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3d9710e7-bdaa-44e0-a062-45cb61d305e6
- Sist endret
21. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
67754ff08d6b4ea8acc580e59175821c