Seniorkonsulent
Kriminalomsorga si høgskole og utdanningssenter KRUS
Solheimsgata 21, 2000 Lillestrøm
Om jobben
- Stillingstittel
- Prosjektmedarbeider
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 6. januar
Om stillinga
Vi søkjer ein engasjert seniorkonsulent som likar å ta ansvar og som blir motivert av prosjektarbeid. Høgskolen og utdanningssenteret til kriminalomsorga KRUS er i stor utvikling, og vil som følgje av det ha fleire prosjekt i 2026. Vi har difor behov for ein fleksibel og sjølvstendig medarbeidar som vil få ein sentral rolle i utviklinga av campus. Vi ser etter ein person med gode kommunikasjonsevner som kan formidle informasjon tydeleg og profesjonelt, både internt og eksternt.
På grunn av vår nye deltidsutdanning kan det òg bli aktuelt å delta i rekrutterings- og opptaksprosessane. Dette er stillinga for deg dersom du trivst med å arbeide på tvers av fagområde, i samarbeid med andre så vel som sjølvstendig. På KRUS har vi eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidere og stor grad av samarbeid på tvers av fagområder og seksjoner.
Stillinga er mellombels for eitt år, med moglegheit for forlenging.
Arbeidsoppgåver
- planleggje og gjennomføre prosjekt for utvikling av campus
- administrativ bistand i rekruttering, opptak og onboarding
- bistå i ulike administrative oppgåver som følgje av høgskulen si utvikling
- bidra inn i anna prosjektarbeid
Det må påreknast at ansvars- og arbeidsoppgåver kan variere, i tråd med utvikling og prioriteringar i verksemda.
Utdanning og erfaring
Du må ha:- Relevant utdanning på bachelornivå
- Erfaring frå universitets- og høgskulesektoren og utvikling av campus
- Erfaring som prosjektleiar og med endringsprosessar
- Kjennskap til kommunikasjons- og HR-relaterte arbeidsoppgåver
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide systematisk og strukturert
- God gjennomføringsevne og høg arbeidskapasitet
- Løysingsorientert og initiativrik
- Fleksibel og omstillingsdyktig, med evne til å handtere varierte oppgåver
Vi tilbyr
- Eit års mellombels stilling, med moglegheit for forlenging dersom utviklingsprosjektet for høgskulen forlenges
- Meiningsfulle og varierte oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- Godt arbeidsmiljø og kollegaer med høgt fagleg engasjement, i tillegg til eit tverrfagleg nettverk innanfor eit spennande fagfelt.
- Mellombels stilling som seniorkonsulent kode 1363, med løn frå kr 513 000 – 640 000, ut frå erfaring og kompetanse.
Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. - Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
- Kantine
- Treningsrom og moglegheit for trening i arbeidstida
- Sentralt plassert midt i Lillestrøm, med få minuttar å gå frå Lillestrøm stasjon
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Om kriminalomsorgen Kriminalomsorga si høgskule og utdanningssenter KRUS er den einaste høgskulen som utdannar fengselsbetjentar i Noreg. Vi tilbyr studium innanfor straffegjennomføring, driv forskings- og utviklingsarbeid og er eit kompetansesenter for kriminalomsorga. Ei av våre hovudoppgåver er å bidra til kvalitet i kriminalomsorga gjennom utvikling og formidling av kompetanse innanfor straffegjennomføring.
Høgskulen har ei leiande stilling i Skandinavia innan forsking på kriminalomsorg og straffegjennomføring. Fagfeltet er tverrfagleg og består mellom anna av kriminologi, sosiologi, filosofi, juss, psykologi, psykisk helsearbeid, sosialt arbeid og tryggleiksfag.
KRUS går ei spennande framtid i møte og ser etter fleire motiverte kollegaer! Frå januar 2026 vert det etablert ei ny deltidsutdanning, noko som medfører behov for fleire tilsette i perioden 2025-2027. For å bli betre kjent med KRUS, våre tilsette og jobbmoglegheiter ved høgskulen, klikk her.
Kriminalomsorga består av fem regionar med om lag 60 lokale fengsel og friomsorgskontor, i tillegg til Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) og Kriminalomsorgens høgskule og utdanningssenter KRUS. Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er trygg for samfunnet og som motverkar straffbare handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit liv utan kriminalitet. Vår visjon er «Straff som endrar», og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking - som er styrande for åtferda vår og for organisasjonen.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3d77447b-7c26-43fd-aff0-decaac3a17a7
- Sist endret
23. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10275557
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI)
Sted
Lillestrøm
Prosjektleder
Arbeidsgiver
Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI)
Sted
Lillestrøm, Horten
Oslo friomsorgskontor, - Førstekonsulent/Rådgjevar
Arbeidsgiver
Oslo friomsorgskontor
Sted
Oslo