Plankonsulent / arealplanleggjar
Sporstøl Arkitekter AS
Vikemyra 1 , 6065 Ulsteinvik
Om jobben
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Grunna aukande oppdragsmengd, søkjer vi etter ein
Plankonsulent / arealplanleggjar
Vi søkjer plankonsulent/arealplanleggjar med erfaring innan arealplanlegging og gjennomføring av planprosessar og reguleringsplanar. Vi legg vekt på god fag- og miljøkompetanse,
engasjement og samarbeidsevne. Søkjar må vere ein dedikert lagspelar som trivst med allsidige oppgåver og har fokus på kvalitet. God dialog med våre byggherrar
og samarbeidspartnarar, ei tverrfagleg tilnærming og profesjonell haldning er nokre av dei kvalitetane vi ser etter.
Kvalifikasjonar/kompetansekrav
• Utdanna plankonsulent/arealplanleggjar med Master
• God erfaring innan arealplanlegging og gjennomføring av planprosessar
• Erfaring innan fysisk berekraftig arealplanlegging av by- og stadutvikling
• Erfaring innan vegprosjektering og trafikkanalysar
• God kunnskap om Plan- og Bygningslova
• Bør kunne beherske GIS verktøy, Civil 3d, Focus arealplan og CAT, Infraworks o.l.
• Gode norskkunnskapar, gode visuelle, skriftlege og munnlege kommunikasjons- og framstillingsevne
• Referanseperson må oppgivast
Vi tilbyr
100% stilling, lønn etter avtale.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Gode vilkår for idé- og eigenutvikling i eit entusiastisk og tverrfagleg miljø.
Arbeidsstad Ulsteinvik eller Ålesund.
Kontakt
Skriftleg søknad med CV og attestar skal sendast til:
Fagleiar plan: Bjørnar Sporstøl - mailadr.: bjornar@sporstol.no
Tlf: +47 918 68 794.
Om bedriften
Sporstøl Arkitekter AS vart etablert i 1991 og held til på Sunnmøre. Hovudkontoret vårt ligg i Ulsteinvik sentrum, og vi har avdelingskontor i Breivika, Ålesund. Her er vi midt i smørauget både når det gjeld gode buforhold og eit aktivt liv i storslått natur, men ikkje minst er området også kjent for framoverlente og kreative bedrifter. Våre oppdrag er varierte og spennande, og dei strekk seg også lenger utover geografisk. Vi er i dag 17 tilsette, både arkitektar og bygningsingeniørar. Vi er medlem i Arkitektbedriftene, sertifisert Miljøfyrtårn og medlem av NGBC.
Du kan lese meir om oss her
Sektor
Privat