Fagkonsulent barn og unge
Habiliteringsavdeling, Helse Fonna HF
Longhammarvegen 36, 5536 Haugesund
Om jobben
Stillingstittel
Fagkonsulent Habilitering barn og unge
Oppstart
6. november 2023
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU), Helse Fonna søkjer ein engasjert fagkonsulent for eit ledig vikariat.
Stillinga er knyt til Habilitering barn og unge (HABU), som har 12 fagstillingar. Målgruppa er menneske som har medfødd eller tidleg erverva funksjonshemming og/eller utviklingshemming/utviklingsforstyrring. Desse problemstillingane er ofte komplekse, og løysingane krev tett samarbeid internt i spesialisthelsetenesta, mellom ulike fagområde og team i seksjonen, og dessutan mellom 1. og 2. linjetenesta.Som fagkonsulent vil du ha ein variert arbeidsdag, med både poliklinisk og ambulant arbeid.
Arbeidsplassen er lokalisert på Bergsenteret, Raglamyr, og Habiliteringsavdelingen er ein del av Medisinsk Klinikk. Avdelinga består av Habilitering for barn og unge (HABU), Habilitering for Voksne (HAVO), og Lærings- og Mestringssenteret (LMS).
Bli med i teamet vårt og bidra til å gjere ein positiv forskjell i liva til barn og unge i regionen vår!
Arbeidsoppgåver
- Tiltak og rettleiing knytta til menneske som har medfødt eller tidleg erverva funksjonshemming og/eller utviklingshemming/utviklingsforstyrring
- Pårørende og familiearbeid
- Rettleiing til føresatte, personale og kollegaer i aktuelt fagområde
- Rettleiing foresatte knytt til velferdstjenester
- Delta i avdelinga si gruppe- og kursverksemd
- Undervisning og prosjekt-/utviklingsarbeid.
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag (sosionom, barnevernspedagog, vernepleiar)
- Vi søkjer fagkonsulent med klinisk erfaring med barn og unge i vår målgruppe.
- Erfaring med arbeid med barn og unge med psykisk utviklingshemning eller autisme
- Det er ynskjeleg med relevant vidareutdanning.
- Søkjar må ha sertifikat for personbil (helseføretaket har eigne bilar til ambulant verksemd).
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
- Ved tilbod om stilling må du legge fram tilfredsstillande politiattest (vandelsattest), jf. Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma)
Personlege eigenskapar
- Personleg eignaheit blir vektlagt
- God fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Kan arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- Kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb i eit aktivt tverrfagleg miljø, der fagleg utvikling og trivsel står i fokus.
- Den som blir tilsett vil sjølv kunne medverke til utvikling av stillinga.
- Eit godt fagmiljø, der mellom anna tett samarbeid med ulike faggrupper står sentralt. Vi trur at vårt fagmiljø vil opplevas inspirerande for den som vert tilsett.
- Fleksitidsordning.
- Lønn etter gjeldande tariffavtaler.
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Kine Valen, Funksjonsleder HABU, 52 73 29 40, kine.valen@helse-fonna.noKari Anne Brynjelsen, Avdelingsleiar, 901 09 185, kari.anne.brynjelse@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Longhammarvegen 365536 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4710659403
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 06.11.2023
Sluttdato: 06.11.2024
Søknadsfrist: 08.10.2023
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2442243
- Hentet fra
talentech
- Referanse
918ccbe6ecae498bbd263c457494c41f