Er du fagarbeidar med sans for logistikk og kvalitet?
Forsyningsenhet, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Fagarbeider logistikk
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 6. januar
Vi ønskjer deg velkommen til å søkje stilling som fagarbeidar innan logistikk i helsevesenet!
Vår forsyningseining ser etter 1 fagleg engasjert og serviceinnstilt kollega til teamet vårt – kanskje er det deg vi leitar etter?
Forsyningseininga sørgjer for det meste av logistikk av eingongsutstyr og forbruksmateriell som sjukehuset er avhengig av til ei kvar tid. Her behandlar me førespurnader om nye varer, tek varemottak, følgjer opp ordrar og forsyner avdelingane med varer til bruk i pleie. Me arbeider i kulissane, men jobben vår spelar ei viktig rolle i pasientbehandlinga. Vår avdeling består av to hovudlager; eit sterilt lager som inneheld eingongsutstyr i steril forpakning, og eit sentrallager som inneheld alt frå bandasjer blodprøvetakingsutstyr, til hanskar.
Arbeidsdagen vår er kun på dagtid (måndag til fredag), og me ladar batteria på ettermiddagane og i helgene. Me er innom fleire avdelingar på sjukehuset dagleg, og det er ein føresetnad at du er aktiv og likar å ta i eit tak. Du får ein god (og betalt) trim kvar dag ved å jobbe hos oss!
For å passe i rolla er det viktig at du er engasjert, har digital forståing og er lærevillig. Me utfører ulike arbeidsoppgaver og er ein driftig og endringsvillig gjeng. Det passar oss ypperlig om du også brenn for orden, system og forbetring! Me høyrer gjerne på di meining og er inkluderande.
Pasientane og avdelingane våre er i fokus og du må forstå viktigheten med pasientbehandlinga og ønske å yte den beste kvaliteten i arbeidet hos oss.
Oppstart etter avtale.
Kva går jobben ut på?
Arbeidsoppgåvene du kjem til å utføre er blant anna:
- Bruk av innkjøps- og logistikksystem Libra (SAP).
- Endringar i system knytt opp mot ulike behov på avdelingane.
- Bidra til å aktivt gjera forbetringar på lagerområda til avdelingane.
- Deltakande og engasjert i forbedringsarbeid internt og regionalt.
- Skanning, plukk og utlevering av varer fra våre lager til avdelingane.
- Sørge for orden og vedlikehold på våre egne lagerområde samt lager på avdelingane.
- Varemottak, registrering av pakker og leveransar.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Fagbrev i logistikk.
- Søkarar med fagbrev i servicefag eller helsefag kan vurderast.
- Erfaring med logistiske dataverktøy, ønskeleg med kjennskap til SAP og Microsoft Office
- God forståing innan hygiene og fokus på dette i det daglege arbeidet.
- God forståing for vareflyt og lagerlogistikk. Kan vere både frå privat og offentlig sektor.
- Førerkort kl. B er eit ønske, men ikkje eit krav.
- Gode norskkunnskaper muntlig og skriftlig. Gjerne kunne snakke og forstå engelsk då me av og til er i kontakt med fleirspråklege transportører.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er engasjert, påliteleg og ansvarsbevisst, og møter arbeidsdagen med ein «ja-mentalitet».
- er ein positiv og serviceinnstilt kollega med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- opptrer lojalt og er til stades for kollegaer, avdeling og leiar.
- jobbar strukturert, tek initiativ og er lærevillig, med gode haldningar til endringsarbeid og utvikling.
- er i god fysisk form og eigna til praktisk arbeid.
Personlege eigenskapar blir vektlagd.
Kvifor skal du velje oss?
- Eit unikt kollegateam med varme og dyktige kollegaer
- Arbeidstid på dagtid der du har fri på kveldane og i helgene
- God og betalt trim i løpet av arbeidsdagen
- Inkluderande miljø der ein ønsker å høyre kvarandre sine meiningar og forbetringsforslag
- Økt forståing i sjukehuslogistikk
Kontaktinformasjon
Natalia Soto, Avdelingsleiar Forsyning og Logistikk, 40613860Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5056531903
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Natalia Soto
Avdelingsleiar Forsyning og Logistikk
40613860
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3d059e70-afdf-421b-a82c-1575ad773193
- Sist endret
23. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
33bc3e8f82b4464c86294fee4b860625
Lignende annonser
Helsefagarbeider
Arbeidsgiver
Hemato/endo/infeksjon sengepost, Haugesund Sjukehus
Sted
Haugesund
Arbeidsgiver
Husøkonomi avdeling, Haugesund Sjukehus
Sted
Haugesund
Arbeidsgiver
Haugesund sjukehus
Sted
Haugesund