Sjukepleiar, 100% fast stilling - bonusordning
Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim. Tilsetjing 100% fast st. som sjukepleiar frå 01.09.25
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Om stillinga Me tilbyr
Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar frå 01.09.2025, for tida ved Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim. Arbeid kvar tredje helg, eventuelt langvakter kvar fjerde helg.
Eininga har også ledig i inntil 200% vikariat som sjukepleiar frå snarast/etter avtale og omlag eitt år fram.
- Løn over tariff for kvalifisert tilsett i arbeid i turnus
- Bonus på 100 000,- ved binding i to år i den faste stillinga (ratevis utbetaling)
- Ekstra helgekompensasjon
- Godt arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Om Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim
Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim er ei av tolv einingar i kommunen. Eininga yter pleie- og omsorgstenester til heimebuande personar i Eivindvik-krinsen, samt til personane på sjukeheimen, som ligg i Eivindvik. Stillinga vil i fyrste omgang vere knytt til sjukeheimen, men det kan vere aktuelt med oppgåver både i heimetenesta og på sjukeheimen ved behov.
Arbeidsoppgåver
- Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
- Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
- Medikamentadministrasjon
- Andre sjukepleiefaglege oppgåver
- Avløysar for avdelingssjukepleiar
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Førarkort klasse B
- God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
- Gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, påførande og kollegaer
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest. Det er også krav om negativ MRSA/TBC før oppstart for arbeid ved arbeid i institusjon.
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Kontaktperson for stillingen
Nina Haveland
Einingsleiar Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim
+4745871550
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3c960171-0f69-4df6-a6af-3f8a95cee10b
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10254484