Avdelingsleiar 100% fast - NAV Kvinnherad
Kvinnherad kommune NAV Kvinnherad
Sentrumsvegen 29, 5460 Husnes
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. mai
Ved Nav Kvinnherad er me 36 tilsette. I vår nyoppretta avdeling for marknad og arbeidsretta oppfølging er det 15 dedikerte medarbeidarar frå både stat og kommune. Her har me fokus på arbeidsretta oppfølging av dei som har behov for tenestene til Nav, på tvers av ulike fagområda. Til stillinga ligg det fag-, personal- og resultatansvar for dei ulike fagområda som avdelinga har.
I Nav jobbar me for at menneske skal få høve til arbeid eller anna aktivitet. Me ser difor etter deg som er kreativ og jaktar gode resultat og løysingar til beste for mottakarane av våre tenester. Nav er ein lærande organisasjon i stadig utvikling, og me har stort fokus på inkluderingsarbeid, marknadsarbeid og relasjons- og kommunikasjonsarbeid. Som avdelingsleiar for marknad og arbeidsretta oppfølging vil du få ansvar for arbeidsoppgåver innan arbeidsretta oppfølging, folketrygdlova, integreringslova og sosialtenestelova. Synest du dette virka spennande og noko du kan tenkje deg å jobbe med? Då er det kanskje akkurat deg me er på jakt etter! Du må vere budd på til tider stort arbeidspress.
Arbeidsoppgåver- Ansvar for personal- og kompetanseutvikling i eigen avdeling
- Fag, mål- og resultatansvar, med oppfølging og rapportering
- Personalansvar for dei tilsette i avdelinga
- Leiing, drift og utvikling av tenester for innbyggarar etter prinsippa i Lean
- Sikre at avdelinga har god samhandling med andre avdelinger og eksterne samarbeidspartar
- Utvikle og effektivisere oppgaveløysingane
- Sikre at avdelinga har eit inkluderande arbeidsmiljø og høgt nærvær
- Vere ein aktiv medspelar i kontoret og regionen si leiargruppe og bidra til heilskapelege løysingar
Nav er i stadig utvikling og endring, og nye arbeidsoppgåver kan derfor bli aktuelt.
Kvalifikasjonar- Fullført utdanning tilsvarande minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- Leiarutdanning og/eller leiarerfaring med dokumentert gode resultat
- Erfaring med utviklings- og endringsarbeid
- Evne til å jobbe både operativt og strategisk
- God digital forståelse og kompetanse, evne til å nytte nye system
- Gode kommunikasjonsevner, både skriftlig og muntlig
- Gode språkferdigheter i norsk, skriftlig og muntlig, minimum B2 nivå
- Kjennskap til og erfaring med Lean-metodikk
- God forståing for NAV sitt samfunnsoppdrag
Personlege eigenskapar
- Evner å utvikle relasjonar og motivere og utvikle medarbeidarar gjennom tillitsbasert samarbeid
- Er ein person som likar å drive med forbetringsarbeid, samt evner å drive endrings- og omstillingsarbeid.
- Kan utvikle medarbeidarar og arbeidsmiljøet på ein måte som bidrar til at Nav Kvinnherad utviklast vidare og er ein attraktiv arbeidsplass.
- Har gjennomføringskraft og evne til å skape resultat med god kvalitet
- Har gode samarbeids- og formidlingsevner.
- Tar ansvar for egne handlinger og oppgaver.
- Tilpasser seg lett til nye situasjoner og endringer.
- Viser forståelse og medfølelse for andres følelser og behov.
- Jobber godt sammen med andre og bidrar til et positivt arbeidsmiljø.
- Viser stor interesse og entusiasme for oppgaver og prosjekter.
- Fokuserer på å finne løsninger fremfor å dvele ved problemer.
- Har evnen til å håndtere stress og vente på resultater uten å miste roen.
- Har en positiv innstilling og ser muligheter fremfor hindringer.
Ved tilsetjing vert det lagt vekt på personelge eigenskapar og relevant arbeidserfaring.
Vi tilbyr- Spennande og utfordrande leiarstilling i ein dynamisk organisasjon.
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer.
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
- Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
- Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.
- Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Er du klar for å ta utfordringa? Send din søknad og CV innan 04.05.25.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2917329
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3491635_225967_nn