Hopp til innhold

Deltidsekspeditør

Arbeidsgiver

Vinmonopolet

Sted

Digerneset Næringspark, 6260 Skodje

Om jobben

Stillingstittel
Deltidsekspeditør
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 30. april

Vil du bli ein del av Noregs beste faghandel?

I butikken vår på Digerneset er vi eit team med dyktige ekspeditørar som kvar dag jobbar for å sikre det beste kundemøtet. Vi søkjer ein serviceorientert, blid og engasjert kollega til å utfylle teamet vårt – er dette deg?

Medarbeidarane våre er kjende for høg kompetanse og god service. Som butikkmedarbeidar hos oss er du Vinmonopolets viktigaste ansikt utetter, og ved å rettleie kundane i vareutvalet bidrar du til gode kundeopplevingar. Du er òg med på å sikre at vi sel med ansvar ved å ikkje selje til mindreårige eller rusa personar. Stillinga er på 3 timar i gjennomsnitt per veke. Saman med kollegaene dine skaper du gode kundeopplevingar, og de jobbar best saman som lag!

Kva kan vi tilby deg?

Vi er først og fremst hyggjelege og dyktige folk som har eit sterkt engasjement for faget vårt, kundane våre og samfunnsoppdraget vårt. Vi er i tillegg opptatt av å skape ein inkluderande kultur, der alle skal kjenne seg velkomne og kunne vere seg sjølve.

  • Dyktige og engasjerte kollegaer
  • Eit hyggjeleg og inkluderande arbeidsmiljø
  • Grundig opplæring som gir unik kompetanse innanfor faget vårt, og jamleg varefagleg oppdatering
  • Bli ein del av ein raus og inspirerande delingskultur
  • Bli ein del av ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag, og som har berekraft høgt på dagsordenen
  • Gode lønns- og arbeidsvilkår og medlemskap i Statens pensjonskasse, som gir gode forsikringsordningar 
Arbeidsoppgåvene dine vil vere:
  • Skape det beste kundemøtet ved å gi kunderettleiing om produkta våre
  • Sikre ansvarleg sal ved å ikkje selje til mindreårige eller rusa personar, og førebyggje langing
  • Kassearbeid og handtering av pengar
  • Rutinar og aktivitetar i samband med varehandtering
  • Anna førefallande butikkarbeid
Personlege eigenskapar:
  • Du er blid og serviceinnstilt
  • Du brenn for å gi det beste kundemøtet
  • Du er engasjert, fleksibel og løysingsorientert
  • Du evnar å sjå, lytte og forstå behova til ulike menneske
  • Som person er du ein lagspelar og jobbar godt i team
  • Som tilsett hos oss identifiserer du deg med verdiane våre: raus, solid og dynamisk
Kvalifikasjoner:
  • For å jobbe hos oss må du ha fylt 20 år og ha gode norskkunnskapar
  • Du bør ha fullført treårig vidaregåande opplæring (eller tilsvarande)
  • Erfaring frå servicebransjen og/eller varefaghandel
  • Det er ein fordel om du har interesse for mat og drikke
  • Det vil bli vektlagt om du har kjennskap til butikken vår på Digerneset
  • Det er ønskjeleg at du har god digital kompetanse
     

Høyrest dette ut som noko for deg? Søk på stillinga! Ta kontakt med butikksjef Camilla Hjelset Klock på tlf. 414 00 929 eller e-post camilla.hjelset.klock@vinmonopolet.no viss du har spørsmål om stillinga.

Send søknad elektronisk via lenkja på denne sida.

Søknadsfrist: 30.04.2026
 

I Vinmonopolet har vi eit sterkt fokus på samfunnsansvar og ansvarleg sal av alkohol. Vi er medvitne om å skape ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn, kjønnsidentitet, seksuell orientering og kulturell bakgrunn.

Tilsetjing i Vinmonopolet skjer på dei vilkåra som til kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffar. Vinmonopolet er omfatta av føresegnene i offentleglova om rett til innsyn i søkjarlister. Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Ein søkjar kan bli ført opp på søkjarlista sjølv om vedkommande har bede om konfidensiell behandling. Søkjaren vil i så fall bli varsla før søkjarlista blir offentleg.

Les meir om personvern i Vinmonopolet: https://www.vinmonopolet.no/personvern 
(https://www.vinmonopolet.no/personvern)


Om bedriften

Vinmonopolet er samfunnets viktigste virkemiddel for ansvarlig salg av alkohol. Vi er verdens største vinbutikk med drøyt 35 000 produkter og har enerett på salg av vin, brennevin og sterkøl. Med på laget har vi over 2 000 stolte, engasjerte og dyktige medarbeidere fordelt på nærmere 350 butikker, kundesenter, netthandel og administrasjon. Vi er på jakt etter deg som vil være med å opprettholde vårt gode omdømme og bidra til at vi forblir en faghandel i verdensklasse.Dette gjør vi gjennom kundemøter preget av fagkunnskap, god service og ansvarlighet. I tillegg vil du være en viktig brikke inn i arbeidet med å gjøre Vinmonopolet til en foregangsvirksomhet på bærekraft. Vi skal være rå på fag, stolt hver dag og best sammen som lag.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3c83eeb9-fd96-4b12-8eed-aa82bc58dbfd

Sist endret

9. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10290436

Lignende annonser

Laster lignende annonser