Hopp til innhold

Prosjektleiar investeringsprosjekt

Arbeidsgiver

KULTUR OG SAMFUNN, Stad kommune

Sted

Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid, 6740 Selje

Om jobben

Stillingstittel
Prosjektleiar investeringsprosjekt
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 12. april

Stad kommune har ledig 100 % stilling som prosjektleiar for investeringsprosjekt for Stad kommune. Prosjekta omfattar kommunale utbyggings- og utviklingsprosjekt i hovudsak innanfor eigedom og kommunalteknikk. Stillinga er plassert i eining for kommunalteknikk.

Prosjektleiarane arbeider i team saman med andre rådgjevarar/prosjektleiarar, entreprenørar og andre tilsette i Stad kommune. Vi har også eit tett samarbeid med Stad Eigedomsutvikling KF ved utvikling av kommunale næringsareal.

Den som vert tilsett i stillinga kan velje om ein vil ha oppmøtestad på rådhuset på Nordfjordeid eller på kommunehuset i Selje.


Arbeidsoppgåver

  • Leie ulike investeringsprosjekt frå planlegging til overlevering av ferdig bygg/anlegg
  • Prosjektere og utarbeide førebels kostnadskalkyler for prosjekt
  • Utarbeide konkurransegrunnlag for ulike investeringsprosjekt
  • Delta i tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne aktørar
  • Økonomistyring og sakshandsaming knytt til prosjekta
  • Førebu saker til politisk handsaming
  • Anna utgreiings- og utviklingsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Du har relevant bachelor-/mastergrad innanfor fagområda vatn, avløp, overvatn, bygg, eigedom eller anlegg.
  • Erfaring som prosjektleiar vil bli vektlagt, men vi oppfordrar også nyutdanna til å søkje
  • Du har god kunnskap om og erfaring med regelverk innan områda bygg/anlegg, offentlege anskaffingar og Norsk Standard (NS) for entrepriser
  • Du har kjennskap til offentleg forvaltning
  • Du har god forståing for og erfaring med IKT- verktøy
  • Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Du har førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Du er strukturert, serviceinnstilt og løysingsorientert
  • Du har gode samarbeidsevner og er omgjengeleg
  • Du trivast med høgt arbeidstempo
  • Du likar å samarbeide med andre, men må også kunne arbeide sjølvstendig

Tidlegare relevant erfaring og personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

Vi tilbyr

  • Ein organisasjon med høg kompetanse og  godt tverrfagleg samarbeid
  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Dyktige og hyggelege kollegaer 
  • Fleksitidsordning
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter kommunale vilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Flyttegodtgjersle om du vil flytte til kommunen vår

Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden. Vi ber om relevante referansar av nyare dato. Stad kommune har 6 månader prøvetid.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. 

Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med prosjektkoordinator Merete Nerland eller kommunalsjef Astrid F. Paulsen.


Kontaktinformasjon

Astrid Paulsen, Kommunalsjef Kultur og samfunn, 48116806, Astrid.paulsen@stad.kommune.no
Merete Nerland, Prosjektkoordinator, 97990440, merete.nerland@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Rådhusvegen 11
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5043802138
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.04.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Merete Nerland

Prosjektkoordinator

97990440

merete.nerland@stad.kommune.no

Astrid Paulsen

Kommunalsjef Kultur og samfunn

48116806

Astrid.paulsen@stad.kommune.no

Om bedriften

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

https://www.nordfjord.no/stad

https://www.einstadistad.no/

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3c40db42-eeff-4d0a-9b80-e7819469f099

Sist endret

19. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

952217288f794fb3a8d6edb19b813097

Lignende annonser

Laster lignende annonser