Plan- og miljørådgjevar
Volda kommune, Utvikling
Stormyra 2, 6100 Volda
Om jobben
Stillingstittel
Plan- og miljørådgjevar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vil du bli kollega med våre dyktige og engasjerte folk på utviklingsavdelinga i Volda kommune? Vi har no ei ledig stilling som plan- og miljørådgjevar der vi kan vere fleksible på oppstartstidspunkt.
Det er mye som skjer i Volda kommune og det er mange prosjekt utviklingsavdelinga er engasjert i, her med nokre døme:
- Kommunedelplan for natumangfald der vi har fått 400 000 kr frå Miljødirektoratet og har no ute anbod for utarbeiding av sjølve planen.
- Områderegulering av Volda sentrum er i gang der vi håpar ha klart eit planutkast i løpet av året
- Mobilitetsplan - Klimasatsprosjekt der vi har fått 725 000 kr i støtte. Ein viktig målsetting med dette arbeidet er å oppnå reduksjon i utslipp av vegtrafikken
- Reguleringsplan for Aasenkvartalet - Stor utbygging under planlegging med blant anna etablering av konferansehotell og kulturscene.
- Jordvernstrategi - Her har vi fått 150 000 kr i tilskot frå Landbruksdirektoratet og vi er godt i gong med eit samarbeid på tvers av fagområda i avdelinga.
For andre året på rad hamna Volda kommune topp 3 i verksemdsstyring på den nasjonale Framsiktskonferansen i konkurranse med over 300 andre kommuner.
Viss du vil vere med å utvikle Volda vidare kan dette vere sjansen din.
Utviklingsavdelinga har 9 tilsette med ansvar for:
- Handsaming av plan-, bygg- og delesaker
- Overordna samfunnsplanlegging (kommuneplanarbeid)
- Klima- og miljøsaker
- Kart- og oppmålingsarbeid
- Utskriving av eigedomsskatt
Skog- og landbrukstenester blir kjøpt frå Ørsta kommune som er vertskommune for felles landbrukskontor.
Arbeidsoppgåver
- Handsaming av reguleringsplanar og dispensasjonar etter plan- og bygningslova (pbl)
- Klima- og miljøarbeid, til dømes klimabudsjett og saker etter forureiningslova
- Bidra inn mot kommuneplanarbeid - arealdel, delplanar og utgreiingar. Til dømes følgje opp arbeidet med kommunedelplanen for naturmangfald
- Andre oppgåver ved avdelinga kan også verte tillagt stillinga
Kvalifikasjonar
Relevant utdanning frå universitet/høgskule, minimum bachelorgrad. Fortrinnsvis innanfor areal-/samfunnsplanlegging, og/eller klima/miljø/naturforvaltning. Lang relevant erfaring kan erstatte manglande utdanning.
God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.I tillegg er det ønskjeleg at du har erfaring innanfor eit eller fleire av desse områda:
- Areal-/samfunnsplanlegging
- Naturforvaltning
- Klima- og miljøarbeid
- GIS-verktøy
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Strukturert og systematisk
- Utviklingsorientert
- Evne til å jobbe sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Løysningsorientert
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Spennande utfordringar i eit utviklingsorientert og godt arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Arbeidstidsordning med fleksitid
- God pensjons- og forsikringsordning i KLP
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Jørgen Vestgarden, avdelingsleiar, +47 90470915, jorgen.vestgarden@volda.kommune.noTor Halvar Botnen, Kommunalsjef, 90052817, tor.halvar.botnen@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Stormyra 26100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 4934302979
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.03.2025
Om bedriften
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med i underkant av 11.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2886709
- Hentet fra
talentech
- Referanse
dd83b2296b3e4a718b7fd6c2349d4b4f