ID 2354 Helgestillingar for sjukepleiar- og vernepleiarstudentar - Institusjonar i Stord kommune
Stord kommune
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiarstudent, vernepleiarstudent, assistent, helsefagarbeidar
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 11-20%
Arbeidstid
Turnus, kveld og dagtid, lørdag og søndag
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
6
Søk på jobben
Søk senest søndag 14. september
Me søkjer deg som er sjukepleiar- eller vernepleiarstudent. Me kan tilby gode bonusordningar for arbeid i helg og ferieavvikling.
Det er og rom for å legge opp til varierte oppgåver gjennom å få rotasjon på våre ulike avdelingar. Alle avdelingar har moglegheit for både dag/kveld kvar 3. helg eller langvakter kvar 4. helg.
Presentasjon av arbeidsgjevar og arbeidsplass:
Stord sjukeheim har 6 avdelingar pluss eit dagtilbod for personar med demens:
Avdeling Gullberg: somatisk avdeling og korttid.
Avdeling Gullskar: Avdeling for personar med demenssjukdom
Avdeling Backertunet: Avdeling for personar med demenssjukdom. Denne avdelinga har og ein skjerma enhet
Avdeling Vikjo: Avdeling for somatikk, psykisk helse og rus.
Avdeling Knausen/Kringsjå: Avdeling for somatikk
Avdeling Bergtun: Bufelleskap
Knutsaåsen omsorgssenter:Avdeling 1: Somatisk avdeling
Avdeling 2: Demens avdeling
Alle avdelingane våre har høg fagleg kompetanse og du vil ta del i dette og få god innføring i oppgåvene dine. Stord kommune har siste åra jobba aktivt med TØRN der rett bruk av kompetanse og oppgåvedeling er ein viktig del av dette. Avdelingane vil legge til rette for utvikling av oppgåvene dine i takt med utdanninga di.
Me ynskjer gjerne at du som student skal kunne bruke jobben til å støtte under utviklinga i utdanninga.
Arbeids- og ansvarsområde:-
Pleie og omsorgsoppgåver
-
Delta i legemiddelhandsaming etter bestått 1 året på utdanninga og gjennomført intern opplæring og passeringstest.
-
Miljøarbeid og aktivitet
-
Ivareta den enkelte pasient sin verdighet og autonomi
-
Følge planar og aktivitetar i avdelingane
-
Delta aktivt inn med fagutvikling og ny kunnskap inn i avdelingane i takt med utdanning
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentleg tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål: Einingsleiar Britt Nelly Hystad Barane 53454510 / 92486358
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein stolt industrikommune i Vestland med over 19 000 innbyggjarar. Me er ein <<liten by for det heilt store>>! Her er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv, kulturliv og frivillig sektor. Stord kommune ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland. Kommunen er ein kompakt vekstkommune som legg til rette for framtidas næringsliv, heiar på samskaping og samarbeid, satsar på inkluderande fellesskap og grøn byutvikling, og ynskjer å forvalta våre natur- og friluftsområde og den nære strandsona til beste for fellesskapet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3c008c67-2cf7-495b-94a6-29dbc2d8f5e5
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
3c008c67-2cf7-495b-94a6-29dbc2d8f5e5