Vil du vere med å forme framtida i ein av Noregs vakraste regionar?
NÆRINGSHAGEN I ULLENSVANG AS
Smelteverket 57, 5750 Odda, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Dagleg leiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Næringshagen i Ullensvang søkjer ein engasjert og målretta dagleg leiar som brenn for lokalt og regionalt verdiskapingsarbeid og ønskjer å bidra til ei berekraftig utvikling i regionen.
Hos oss får du vere med og utvikle eit fellesskap av gründerar og etablerte verksemder som saman skaper framtida for regionen vår.
Kven ser vi etter?Vi søkjer deg som har:
-
Fagleg tyngde og kompetanse til å rådgi og støtte verksemder i ulike fasar
-
Solid økonomiforståing -- det er heilt avgjerande
-
Utdanning innan til dømes leiing, administrasjon, økonomi, finans eller juss. Relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning.
-
Gode evner til relasjonsbygging og samarbeid
-
Strukturert arbeidsform og god kapasitet til å handtere fleire oppgåver parallelt
-
Høg gjennomføringsevne og eit brennande ønskje om å skape verdi og gjere ein forskjell
-
Evne til å leie deg sjølv, ta initiativ og samtidig bidra til å motivere og engasjere andre
Vi ser etter ein framtidsretta og engasjert dagleg leiar som vil vere med på å forme retninga for verksemda vår vidare. Du må ha evne til å både utvikle ein ny strategi -- og få den til å leve i kvardagen. Vi treng ein leiar som ikkje berre ser moglegheiter, men som får dei til å skje.
Som dagleg leiar får du ei variert og meiningsfull arbeidshverdag der du jobbar både strategisk og praktisk med å utvikle næringslivet i Ullensvang og omegn.
Dine arbeidsoppgåver vil anna vere:
-
Bidra til utvikling og gjennomføring av strategiprosesser og strategisk arbeid
-
Ansvar for administrasjon, økonomi og personaloppfølging
-
Rettleiing og oppfølging av etablerarar og næringsdrivande
-
og leie utviklingsprosjekt som bidreg til innovasjon og verdiskaping
-
Samarbeid med kommunale og regionale aktørar om næringsutvikling
-
Nettverksbygging og fasilitering av møteplassar for næringslivet
-
Vidareutvikle og forbedre tenestene til næringshagen
-
Bidra til strategisk utvikling av regionen sitt næringsliv
Hos oss får du ein variert og spennande arbeidskvardag -- ingen dagar er like. Du blir ein del av eit aktivt og inkluderande kontorfellesskap, saman med dyktige og engasjerte kollegaer. Her byggjer du nettverk på tvers av bransjar og får innsikt i mange ulike næringar. Arbeidskvardagen er fleksibel, med base i Odda og reising i Hardanger-regionen. Vi tilbyr også moglegheit for noko heimekontor, og verdset både faglege diskusjonar og gode kaffipausar.
Om Næringshagen i Ullensvang
Næringshagen i Ullensvang er ein sentral utviklingsaktør i regionen, og vi jobbar aktivt for å styrke næringslivet gjennom rådgjeving, nettverksbygging og prosjektleiing. Vi samarbeider tett med både offentlege og private aktørar, og er for tida engasjert i ei rekkje initiativ.
Kjerneverksemda:
-
Etablerartenesta og næringsarbeid for Ullensvang kommune
-
Målbedriftsprogrammet -- rådgjeving og oppfølging av lokale bedrifter
-
Rekrutteringsprosjektet Hardanger og Voss kallar
-
HVK Studiesenter -- utvikling av desentralisert utdanning og kompetanse
-
Hardanger Industri -- samarbeid for industriutvikling i regionen
-
Røldal Næringsfond -- forvaltning og oppfølging
-
Utviding av næringshagen sitt geografiske nedslagsfelt
-
INUNET -- regionalt innovasjonsnettverk for utvikling og samarbeid
I tillegg er vi involverte i ei rekke mindre prosjekt og utviklingsløp knytt til lokal verdiskaping og samarbeid på tvers av bransjar. Som dagleg leiar får du ei sentral rolle i dette arbeidet, og moglegheita til å påverke utviklinga av regionen.
Arbeidsstad: Odda, Ullensvang
Stillingstype: Fast, 100 %
Tiltreding: Etter avtale
Konkurransedyktig lønn
Søknadsfrist: 31. mai 2025
Om bedriften
Næringshagen skal vere ei drivkraft for nyskaping og vekst i regionen, vi engasjerer oss for at du skal lukkast. Organisasjonen driv med nærings- og samfunnsutvikling i Ullensvang og Hardanger.
Sektor
Privat
Nettsted