Vil du vere med å forme framtidas heimeteneste i vakre Fusa delen av kommunen?
Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester
Leitet 28, 5640 Eikelandsosen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeider - 100 % fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 5. august
Vi søkjer engasjerte helsefagarbeidarar som vil gjere ein forskjell – kvar einaste dag. Er du ein person som brenn for å gi god omsorg, og som ønskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag? Då kan dette vere jobben for deg!
Heimetenesta i Eikelandsosen har ledig to 100 % faste stillingar som helsefagarbeidar frå 01.09.2025. Du vil bli ein del av eit fagleg sterkt og inkluderande team som jobbar for å gi brukarane våre tryggleik, verdigheit og kvalitet i kvardagen.
Kvifor velje oss?
- Du får vere med på å utvikle, og forme framtidas heimeteneste i ein kommune som tenkjer nytt
- Du får varierte arbeidsdagar med ulike ruter og oppgåver – ingen dag er lik!
- Du får brei erfaring og tett samarbeid med ulike faggrupper
- Du får bruke kompetansen din der behovet er størst – og kjenne at du betyr noko
- Du blir ein del av eit miljø som ser moglegheiter framfor begrensingar
Arbeidsstad
Eikelandsosen
- Utøve personleg pleie og omsorg for pasientar
- Administrering av medisinar og behandling
- Samarbeid med pårørande og helsepersonell
- Dokumentasjon og rapportering i Profil
- Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid
- Bidra til at interne og eksterne lover, reglar og prosedyrar vert fulgt
- Vere pådrivar for planlegging, iverksetting og evaluere tiltak
- Halda seg fagleg oppdatert ved bruk av e-læringskrus, og intern opplæring
- Autorisasjon som helsefagarbeidar, anna helsefagleg utdanning og lang erfaring kan bli vurdert
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- Søkjar må ha gode norske språkferdigheitar, både munnleg og skriftleg
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar- Løysningsorientert med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Gode evner til observasjon og dokumentasjon
- God evne til etisk refleksjon over eigen praksis
- Bidra til godt arbeidsmiljø
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr- Vi er fleksibel med omsyn til stillingsstorleik
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3be90f13-05e5-4672-8390-10b1c9bac0de
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3518881_196061_nn