Assisterande seksjonsleiar
Psykiatrisk klinikk/ Regional avdeling spiseforstyrringar, seksjon døgn, Helse Bergen HF
Haukelandsbakken 15, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Assisterande seksjonsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. august
Avdeling spiseforstyrringar har poliklinikk og døgnavdeling og vi behandlar til ein kvar tid ca 70 pasientar. Ved seksjon for spiseforstyrringar brukar vi kognitiv åtferdsterapi spesielt utvikla for behandling av spiseforstyrringar, i tillegg til annan form for psykoterapi tilpassa den enkelte pasient sin comorbiditet. Vi er eit av dei leiande fagmiljøa innan spiseforstyrringar i Noreg. Vi er ei regional avdeling og vi behandlar dei mest alvorlege sjuke i opptaksområdet til Helse Vest. Vi har stort fokus på kompetanse-utvikling, kvalitetssikring og utvikling av tilbodet vårt.
Vi jobbar heilt konkret saman med pasientane våre slik at dei kan få til endringar systematisk for å bli frisk frå si spiseforstyrring. Vi jobbar tverrfagleg og teamet består av lege, psykolog, sosionom, fysioterapeut og sjukepleiarkollega. Vi har eit engasjert personalet med stor takhøgde for faglege diskusjonar.
Vi har ledig ein 100% fast stilling som assiterande seksjonsleiar frå 1.november 2025. Høyrest dette interessant ut oppfordrar vi deg til å søke!
Arbeidsoppgåver
- Den som blir tilsett vil saman med seksjonsleiar ha ansvar for drift ved seksjon spiseforstyrringar - døgn, innanfor det budsjett og dei ressursar seksjonen rår over
- Utvikling av seksjonens faglege tilbod
- Ha fokus på kvalitetssikring/ pasientsikringsarbeid/ forbetringsarbeid
- Ansvar for å leggje til rette for fagleg og personleg utvikling hos den enkelte og for eit godt lærande miljø
- Delta i avdelingas leiarteam
- Saman med seksjonsleiar handtere GAT, Synergi, Webcruiter, EK og andre administrative system
- Noe klinisk arbeid
- Stedfortredar for seksjonsleiar
Kvalifikasjonar
- Vidareutdanning i psykisk helsearbeid
- Kjennskap og erfaring med bruk av Kognitiv Adferdsterapi ved spisefortyrringar ( iKATs )
- Leiarerfaring er ønskeleg, men ikkje påkrevd
- Erfaring frå behandling av spisefortyrringar
- Meistre norsk svært godt, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Tydeleg
- Trygg
- Gode evner til samarbeid og kommunikasjon/ formidlingsevne
- Engasjert
- Fleksibel
- Vere strukturert og målretta
- Opptatt av trivsel og arbeidsmiljø
- Evne til å delegere, motivere og gjere medarbeidarar gode
- Fagleg oppdatert
- Sjølvstendig og samtidig ansvarsbevisst
- Kontruktiv og innovativ
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale
- Rettleiing
- Leiaropplæring og støtte
- Utfordrande, spennande og varierte arbeidsoppgåver
- Fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Tor Egil Pettersen, Seksjonsleiar, 55974519Arbeidsstad
Haukelandsbakken 155021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4989741986
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Tor Egil Pettersen
Seksjonsleiar
55974519
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3bda2294-4223-4cbd-b163-617f2cfda438
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e110f6d1a2224184b2fd4d4996130ec2