Alsaker Fjordbruk avd. Sunnhordland søkjer Driftsoperatør
Nordsjø Fjordbruk AS avd. Sunnhordland
Skånevik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Driftsoperatør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
- Fôring, kontroll og stell av laks og rensefisk
- Drift og vedlikehald av teknisk utstyr og anlegg
- Produksjons- og kvalitetsoppfylging
- Operere båt, kran og anna mekanisk utstyr
- Deltaking i helgevaktsordning
- Relevant utdanning og /eller erfaring innan akvakultur (men ikkje eit krav)
- Sjømannskap/teknisk innsikt, fordel om du har D6, sikkerhetskurs, kran G20
- Er sjølvstendig og fleksibel, med evne til å stå på når det trengs
På jobb hos oss vil du arbeida i eit av dei leiande norske oppdrettskonserna i Noreg, eit spanande miljø der fokus er å gjera det me er best på, nemleg produsera laks.
Våre dedikerte medarbeidarar spelar ei særs viktig rolle for å sikre optimal drift på våre lokalitetar, og er alltid framoverlent for å yte maks for best mogleg produksjon.
Me kan tilby deg naudsynt opplæring, kjekke kollegaer, og varierte arbeidsdagar.
Me oppmodar personar med lokal tilknyting om å søkja!
Om bedriften
Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er eitt av dei største privateigde oppdrettskonserna i landet, med 24 matfiskkonsesjonar, 4 settefiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.
Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har 3 milliardar i omsetnad og er om lag 350 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no
Sektor
Privat
Nettsted