Politibetjent 3/2/1
Vest politidistrikt
Flyplassvegen 555, 5258 Blomsterdalen
Om jobben
- Stillingstittel
- Politibetjent 3/2/1, Grenseseksjonen
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 5
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 3. juni
Om stillinga
Vil du vera med og vakte luft og sjøgrensa til Vest politidistrikt?I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for utlending og forvalting, Grenseseksjonen, er det ledig ein eller fleire faste stillingar som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/ 1459/ 1457). Me ser etter nye kollegaer som ønskjer å bidra i eit fagmiljø med store utviklingsmoglegheiter og ansvar. Hos oss får du vera med på å forma framtidas arbeid innan luft- og sjøgrenseovervaking. Du vil bli ein del av ein seksjon i utvikling, som har fokus på forbetring og innovasjon i samarbeid med andre avdelingar og aktørar.
I ei tid prega av auka tryggingspolitisk uro er grenseovervaking viktigare enn nokon gong.
Me er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av det viktige samfunnsoppdraget til politiet, skal me gjennom grensekontroll og grenseovervaking førebyggja og nedkjempa grenseoverskridande kriminalitet, skapa tryggleik og vareta rettstryggleiken.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Me søkjer deg som har noko erfaring og er fagleg motiverte i grensefaget, og som ønskjer å vidareutvikla deg innan fagfeltet.
Me stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Vidare søkjer me medarbeidarar som opptrer profesjonelt til kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane sine og handlingar i det daglege arbeidet sitt.
Evna til å vera trygg, nærverande, lydhøyr og dessutan å byggja tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vår vurdering av kandidatar legg me difor særleg vekt på desse eigenskapane, i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Førstelinje grensekontroll, inn- og utreise til Noreg og Schengenområdet, både luft- og sjøgrense
- Andrelinje kontroll, medrekna arbeid med bort- og utvising av utlendingar på grensa
- Spesialisering innanfor konkrete fagfelt må påreknast
- Territorialkontrollar
- Operativ teneste i form av patruljering/nærvær
- Straksetterforsking/PPS
- Ved behov hjelpa andre politieiningar i Vest PD rundt gjeremål som fall innunder grensefaget
- Andre oppgåver pålaga av teamleiar/avsnittsleiar
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vera kvalifisert:
- Vitnemål frå politiskule/politihøgskule. Vedlagde karakterskjema skal fyllast ut og leggjast ved søknaden. Kandidatar som vil bli uteksaminerte i 2026, blir oppmoda til å søkje, og kan bli tilsette med atterhald om at vitnemål kan leggjast fram før tiltreding.
- IP4 godkjent eller kvalifisert og villig til å bli godkjend
- God skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk
- For stilling som politibetjent 3 eller 2 må du oppfylle dei generelle kompetansekrava som gjeld for stillingskodane
Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politiloven § 18 og politiregisterlova § 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju.
Dette blir vektlagt:
- Erfaring med bruk av Indicia, DUF, GTK og SafeSeaNet blir vektlagd
- Schengenkurs
- Erfaring frå grense- og utlendingskontroll
Det er også ønskjeleg med:
- Anna relevant utdanning og/eller arbeidserfaring er ein fordel, til dømes innan etterretning, analyse eller maritim erfaring
- Språkkompetanse utover engelsk
Personlege eigenskapar
- Motivert og interessert i å utvikla seg innan grensefaget
- Gode evnar til kommunikasjon, samhandling og relasjonsbygging
- Har gode haldningar og samarbeidsferdigheiter, og trivst med å arbeida i team
- Initiativrik og resultatorienterte - evne til å jobba sjølvstendig og ha god gjennomføringsevne
- Gode omstillingsevner og må tola ein hektisk arbeidskvardag
Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Ein spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme eit politi for framtida
- Stillinga blir lønna som politibetjent 3/2/1:Politibetjent 3 (stillingskode 1461) frå kr. 630.000,-
Politibetjent 2 (stillingskode 1459) frå kr. 540.000,-
Politibetjent 1 (stillingskode 1457) frå kr. 510.000,-
Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten. - Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve for å kryssa av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukte til å utarbeida anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Kontaktpersoner for stillingen
Kjersti Eidsnes
Seksjonsleiar
+4792 04 37 05
Om bedriften
Vest politidistrikt dekkjer 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene heilt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt.
Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med politimeister Ane Kvaal som øvste leiar. Politimeisteren har kontoret sitt i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
Grenseseksjonen er ein stor seksjon med stort ansvarsfelt, både på luft- og sjøgrense. Det er varierte arbeidsoppgåver alt frå grensekontroll og forvaltning, til patrulje, etterretning og beredskap.
Kontorlokale på Bergen Lufthavn Flesland med operasjonsområde i heile Vest politidistrikt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3bb851e4-4884-4417-8852-cb486a4b48f1
- Sist endret
21. mai 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10296895