Hopp til innhold

Ferievikarar med bonusavtale innan helse og omsorg sommaren 2026

Arbeidsgiver

Kviteseid Kommune - helse og omsorg

Sted

Kviteseid

Om jobben

Lyst på ein spannande og meiningsfylt sommarjobb? Som gjev deg verdfull arbeidserfaring i tillegg til å nyte sommaren i vakre Kviteseid?

Stillingstittel
Omsorgsarbeider
Oppstart
15. juni 2026
Type ansettelse
Annet, deltid 99%
Arbeidstid
Dagtid, kveld og natt, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

Hva vi ser etter

Me har behov for ferievikarar i perioden 15.06.26 - 09.08.26 ved Kviteseid omsorgssenter, heimesjukepleia, heimehjelpstenesta, Midtsundtoppen dagsenter, tilrettelagde tenester og legekontoret.

Det er ønskjeleg at søkjarar har fylt 18 år og kan jobbe i heile perioden. Ved Kviteseid omsorgssenter, tilrettelagde tenester og i heimesjukepleia jobbar ein turnus og i snitt annankvar helg.

Vikarar i heimesjukepleia og heimehjelpstenesta må ha førarkort klasse B. Heimehjelpsvikarar må og disponere eigen bil.

Arbeidsoppgaver

Kviteseid kommune har behov for sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar, helsesekretærar, studentar/elevar, assistentar.

I søknaden må du oppgje kva for arbeidsplass du søkjer. Dersom fleire arbeidsstader er aktuelle, må di prioritering koma fram i søknaden. Sei frå dersom det er dagar du eventuelt ikkje kan jobbe. Søkjarar kan ikkje få fri i både veke 29 og 30. Me vil prioritere søkjarar som kan jobbe heile perioden.

Vi tilbyr

Kviteseid kommune har bonus ordning for sommarvikarar som binder seg for arbeid i 80-100% stilling i veke 26-31 på opptil 15.000kr.

Opplæring skjer fortrinnsvis før vikariatet startar. Grunnkurs i legemiddelhandtering for dei som har behov for det.

Sjukepleiar- og vernepleiarstudentar som jobbar innan relevante fagområde blir løna etter lokal avtale.

Om bedriften

Spørsmål kan rettast til:

Tilrettelagde tenester: Einingsleiar Unni E. Øygarden, tlf. 90 25 16 83

Kviteseid omsorgssenter: Avdelingsleiar Helene Stensrud Flatland, tlf. 90 21 37 57

Kjøkken og vaskeri : Kjøkkensjef Marie Teigen, tlf. 35 06 82 04

Omsorg og meistring (heimesjukepleia, heimehjelpstenesta og Midtsundtoppen dagsenter): Avdelingsleiar Monica Halvorsen, tlf. 90 92 03 15

Kviteseid legekontor: Kommunalsjef Thormod Moi Felle, tlf. 92 33 66 94

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3bb5b222-9485-4db5-9671-f4bfdee30a02

Sist endret

9. februar 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

3bb5b222-9485-4db5-9671-f4bfdee30a02

Lignende annonser

Helsefagarbeider /pleiemedarbeider

Arbeidsgiver

Klyve hjemmetjeneste enhet 2, Skien kommune

Sted

Skien

Ferievikarer pleie Kverndalen sykehjem sommer -26

Arbeidsgiver

Felles Kverndalen bo og dagsenter, Skien kommune

Sted

Skien

Ferievikarar med bonusavtale innan helse og omsorg sommaren 2026 - arbeidsplassen.no