Vil du gjere ein forskjell for menneske med rusutfordringar?
Vindafjord kommune Rus og psykiatri
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøarbeidar
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 30. mai
Vi veks, bli med på laget!
Vindafjord kommune har fått tilskot frå Statsforvaltar for å styrke arbeidet med menneske som står i krevjande livssituasjon prega av rus og utenforskap. Nå søker vi ein engasjert og modig mearbeidar som vil vere med å utvikle og forme dette tilskotet frå starten av.
80% stilling dagtid - eit års engasjement med mogligheit for forlenging.
Kva får du jobba med hos oss?- Oppfølging og praktisk støtte til personar med rusutfordringar
- Kjøring og følgje til dagsenter, avtalar, behandling, NAV, lege og liknande
- Miljøarbeid og vere tilstade i folks kvardag – både heime og ute i nærmiljøet
- Samarbeid med pårørande og ulike tenester (NAV, helse, lege)
- Bidra til å utvikle tenesta og få til den beste bruken av tilskotsmidla
- Jobbe oppsøkande og fleksibelt
- Ein meiningsfull jobb der du får vere med å byggja opp eit nytt tilbod frå start.
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Muligheit til å jobbe lavterskel, praktisk og tett på målgruppa.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Gratis parkering.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk
- Me ser gjerne at du har fagbrev innan relevant fagområde, men legg også vekt på erfaring og personlege eigenskapar
- Erfaring frå arbeid med rus, psykisk helse eller anna sosialt arbeid er ein fordel
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
- Er trygg i møte med menneske i ulike livssituasjonar
- Trives med varierte dagar og liker å finne løysningar saman med andre
- Er god på å byggje relasjonar og skape tillit
- Må ha førarkort klasse B – bruk av eigen bil kan forekomme
- Må like å kjøre bil, bil kjøring er ein stor del av jobben
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2941422
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3494733_229845_nn