ID 2381 Miljøterapeut i avdeling Studalen - Eining for habilitering
Stord kommune
5417 Stord
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeut vernepleier
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. november
Avd. Studalen er eit bufellesskap for personar med utviklingshemming med. Avdelinga er ein del av Tunet burettlag, og høyrer til VESTBO, Vestlandske Boligbyggelag. Bebuarane eig, eller leiger bustadane.
Studalen sin visjon er;
Gode relasjonar skapar trivsel og meistring. Overordna mål er å skapa ein trygg og omsorgsfull heim i eit miljø som stimulerer til utvikling.
Bebuarane mottek tenester etter individuelle vedtak som er heimla i Helse- og omsorgstenestelova.Tenestene vert gitt ut i frå den einskilde bebuar sine føresetnader, ønskjer og behov, i samarbeid med den einskilde bebuar, pårørande og verje.
Eining for habilitering har ledig 100% fast stilling for miljøterapeut i Studalen bufellesskap frå 01.11.25.Stillinga er i turnus dag/kveld med langvakter kvar fjerde helg..
MILJØTERAPEUT HAR ANSVAR FOR:-
Fagleg ansvar i høve formell kompetanse
-
Ansvar for at det blir gjennomført observasjon og kartlegging av funksjonsnivå og laga mål og tiltak etter desse
-
Evaluera mål og tiltak
-
Rettleia anna personale i faglege og etiske spørsmål. Blant anna om tvang og makt etter Helse- og omsorgstenestelova kap. 9, og Lov om pasient- og brukarrettigheter, kap. 4 A
-
Førebygga og identifisera bruk av tvang og makt i miljøarbeidet og medverka til utforming og oppfølging av tvangsvedtak
-
Motivera og rettleia studentar, lærlingar og nye tilsette
-
Sørgja for presis og utfyllande dokumentasjon, og rettleia anna personale i høve dokumentasjon
-
Kjenna til og bruka avdelinga sine prosedyrar, og gjera dei kjent for andre medarbeidarar
-
Vurdera behovet for kontakt med andre instansar/samarbeidspartnarar (til dømes Habiliteringstenesta, ergo/fysioterapitenesta m.m.)
-
Vera koordinator for individuell plan der dette er aktuelt
-
Avdelingsleiar kan delegere andre oppgåver
-
Autorisert sjukepleiar eller vernepleiar, eller anna relevant høgskuleutdanning innan helse- eller sosialfag på bachelor nivå
-
Førarkort klasse B
-
God norsk framstillingsevne både munnleg og skriftleg, er eit krav
-
Ved tilsetjing vert det stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk.
-
Offentlig tenestepensjon
Kontaktperson: Avdelingsleiar Ragnhild Dale, tlf 489 90 905 eller einingsleiar, Esther Aasen Bjelland, tlf 975 52 097
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Vestlandmed ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3b8a02fd-845e-4789-8b85-0331355b86dd
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
3b8a02fd-845e-4789-8b85-0331355b86dd
Lignende annonser
Vernepleier / Omsorgsperson for funksjonshemmede
Arbeidsgiver
Fitjar Kommune Avd Gartneritunet Bofellesskap
Sted
Fitjar
Miljøterapeut på institusjon
Arbeidsgiver
Næromsorg AS
Sted
Stord
Fysioterapeut
Arbeidsgiver
Stord kommune
Sted
Stord