ID 2373 Fysioterapeut - Tenester til heimebuande
Stord kommune
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fysioterapeut
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. oktober
Avdeling for aktivitet og re/habilitering som ligg under Eining Tenester til heimebuande i Stord kommune, har kontor sentralt i Leirvik. Avdelinga er ein aktiv og spanande arbeidsplass i tett samarbeid med ulike fag og yrkesgrupper, og med ulike instansar. Me kan tilby varierte oppgåver i eit tverrfagleg miljø. Vår visjon er at fleire er aktive og sjølvstendige i eige liv.
Me har ledig fast 80% stilling for fysioterapeut frå 01.01.26. Det vil over ein lenger tidsperiode også vera mogleik for 20% vikariat, slik at stillinga vert 100%.Arbeidsområdet er retta mot rehabilitering, førebygging og behandling av vaksne og eldre. Individuell oppfølging av pasientar og leiing av grupper vil vere viktige oppgåver i stillinga. Fysioterapeutar tilsett i kommunen gir primært tilbod til innbyggjarar som ikkje kan nytte institutt, til dei som bur på institusjon og bistand til hjelpemiddelformidling. Me gir også tilbod i varmtvassbasseng.
Fysioterapeuten skal bidra i eit tverrfagleg, samordna og samhandlande tenestetilbod. Me ynskjer ein kollega som er fleksibel, nyskapande, løysningsorientert og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevne. Fysioterapeuten må jobbe med ulike pasientgrupper, arbeidsoppgåver og gruppetilbod. Kontinuitet i tenestene vert vektlagt.
Me søkjer ein person som har:-
Erfaring frå kommunal og/eller anna relevant fysioterapitenenester
-
Erfaring med hjelpemiddelformidling
-
Erfaring med rehabilitering
-
Erfaring og stor motivasjon for leiing av treningsgrupper
-
Er ansvarsbevisst, nøyaktig og strukturert
-
Høg arbeidskapasitet, er påliteleg og har stor grad av sjølvstende
Det vert lagt særskilt vekt på personlege eigenskapar
Kvalifikasjonskrav:-
Autorisert fysioterapeut
-
Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
-
Førarkort klasse B. Dersom du ikkje har sertifikat på manuell gir må du ha mogleik for å disponera eigen bil
-
Det må og leggast fram godkjent politiattest av nyare dato
Me kan tilby:
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Eit positivt og godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentlig tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
For nærare opplysningar ta kontakt med:
Avdelingsleiar Bente Bjelland, tlf: 41 18 19 01 eller einingsleiar Kristin Steinsland, tlf: 416 94 266.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
419c29a6-4c1e-4cc1-a087-e4c51dcffb89
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
419c29a6-4c1e-4cc1-a087-e4c51dcffb89