Bioingeniør, bioingeniørstudent
Medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB), Mikrobiologisk laboratorium, Avdeling for Patologi, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ferievikar laboratorie
Oppstart
1. juni 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
10
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. januar
Vi treng fleire dyktige og engasjerte medarbeidarar – og søkjer deg som ønskjer å jobbe i sommarferien.
Om oss
Helse Førde tilbyr eit breitt spekter av analyser innan ulike fagområde. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår. Vi arbeider for å knytte til oss dei beste fagfolka og vil legge til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste. Bli med oss!
Laboratoria i Førde har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og vi har mange ulike sosiale aktiviteter på fritida heile året rundt - og vi har alltid plass til fleire.
Dei som vert tilsett i sommarjobb kan og få tilbod om å jobbe ekstra rundt høgtid og andre ferier.
Dette er ei felles utlysing for:
- Medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB)
- Mikrobiologisk avdeling
- Avdeling for Patologi
Har du eit ønske om kva for eit laboratorium du helst vil arbeide ved, kan du opplyse om dette i søknaden.
Praktisk informasjon
Ferievikariat gjeld for perioden 01.06.2026 - 16.08.2026, eller etter avtale. Opplys i søknaden kva periode det er aktuelt for deg å arbeide.
Vi håpar du kan tenkje deg å arbeide hos oss!
Arbeidsoppgåver
- Utføre analytiske og preanalytiske oppgåver etter godkjente prosedyrer og gjeldande lover og regelverk
- Registrering av nye prøvar
Kvalifikasjonar
- Bioingeniør/1.- 3. års bioingeniørstudent
- Andre med relevant utdanning eller praksis kan bli vurdert
- Må beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg
Oppgje referanse ved utdanning og tidlegare arbeidsgjevar, samt legg ved karakterutskrift over avslutta fag.
Personlege eigenskapar
- Påliteleg og arbeidsam
- Kunne arbeide i team
- Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
- Positiv, omgjengeleg og serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Varierte arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Bistand til å skaffe bustad
#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Reidun Gunnvor Skaflestad, Seksjonsleiar, LMBB, (+47) 959 41 523Katja Helmine Nielsen, Seksjonsleiar, Patologi, (+47) 411 72 494
Marianne Schiefloe Myklebust, Seksjonsleiar, Mikrobiologi, (+47) 986 64 325
Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5027295040
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.06.2026
Sluttdato: 16.08.2026
Søknadsfrist: 04.01.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Marianne Schiefloe Myklebust
Seksjonsleiar, Mikrobiologi
(+47) 986 64 325
Katja Helmine Nielsen
Seksjonsleiar, Patologi
(+47) 411 72 494
Reidun Gunnvor Skaflestad
Seksjonsleiar, LMBB
(+47) 959 41 523
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3b793c59-4031-4033-a5fa-3573c818db9a
- Hentet fra
talentech
- Referanse
65a039a71c79445d9ca48da67bcebddc