Er du helsefagarbeidar – klart du skal bli med!
Hjerte/lunge/gastro-post Stord sjukehus
Tysevegen 64, 5416 Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeider
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 14. mai
Vi på hjarte/lunge/gastro-posten ser etter ein ny deg som trivst med fart, folk og fag!
Hos oss blir du ein del av eit støttande og engasjert team med stor spennvidde i pasientgruppa – frå hjarte og lunge til gastro og anna medisinsk. Det betyr både faglege utfordringar, utvikling og mange fine augeblikk.
Vi har 24 sengeplassar og eit erfarent lag av helsefagarbeidarar og sjukepleiarar – i tillegg til studentar og lærlingar. Her er det heilt vanleg å stille opp for kvarandre og ta ansvar.
Er du ny? Null stress – vi tek godt imot deg og sørgjer for god opplæring og støtte frå dag éin.
👉 Lurer du på noko? Ta kontakt med Gloria – eller berre søk! Vi vil gjerne bli kjent med deg.
Stord er perfekt plassert for deg som vil ha fjord, fjell og fritid tett på. Her finn du turstiar, aktivitetar, kulturliv – og både vidaregåande skular og høgskule.
🔗 Les meir om Stord kommune
Kva går jobben ut på?
Du vil jobbe tett med sjukepleiarar og anna helsepersonell for å sikre god pleie og omsorg til pasientane våre. Arbeidsoppgåvene dine vil blant anna vere:
- Dagleg pleie og oppfølging av pasientar
- Bidra i tverrfagleg samarbeid og dokumentasjon i samarbeid med ansvarleg sjukepleiar
- Hjelpe til med generelle postoppgåver og praktiske gjeremål
- Vere ein god rollemodell i oppfølginga av lærlingar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- IKT erfaring er ein fordel – men viss ikkje, sørgjer vi for god opplæring.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- ser mennesket bak diagnosen
- har eit godt lag med både pasientar og kollegaer
- er trygg, ansvarsbevisst og samarbeidsvillig
- har god arbeidsmoral og likar å halde deg fagleg oppdatert
- trivst i eit aktivt og til tider travelt miljø - utan å miste roa
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Kollegaer som er like opptekne av godt miljø som av godt fag.
- Regelmessige fagdagar og opplæring med støtte frå erfarne medarbeidarar.
- Ein arbeidskvardag med mykje variasjon og god utviklingsmoglegheit.
- Eit inkluderande arbeidsliv – der vi ser deg og lyttar.
Dersom intern søknad og tilsetjing kan det verte ledig andre stillingsstorleikar
Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du fullført utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Gloria Martinsdóttir Hauan, Funksjonsleiar, gloria.martinsdottir.hauan@helse-fonna.noArbeidsstad
Tysevegen 645416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4962701210
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Søknadsfrist: 14.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2932466
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d86cd24f735f48f4a209962c23fece58