Tannlege til Seljord tannklinikk
Vestfold og Telemark fylkeskommune
3840 Seljord
Om jobben
Stillingstittel
Tannlege til Seljord tannklinikk
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Antall stillinger
1
Seljord tannklinikk ligg i sentrum av Seljord, og behandlar prioriterte grupper frå både Seljord og Kviteseid kommune, samt vaksne betalande pasientar. Fordelinga mellom prioriterte grupper og vaksne betalande pasientar er omlag 50/50. Klinikken har moderne lokaler, med fire behandlingsrom, samt OPG. Det jobbar to tannlegar, 1,5 tannpleiarstilling, klinikkledar og tilhøyrande tannhelsesekretærstillingar ved klinikken. Seljord ligg 30 min køyring frå Bø og har også mogleghetar for kollektiv transport i retning Bø og Notodden. Gratis parkering ved klinikken. Klinikkledar bistår gjerne i boligjakt. Seljord og områda rundt tilbyr flotte turområder både sommar og vinter!
Hovudarbeidsoppgåver og ansvarsområderÅ jobbe som tannlege i tannhelsetenesta i Vestfold og Telemark inneber eit teamarbeid med tannlegar, tannpleiarar og tannhelsesekretærar i eit breidt fagmiljø. Det kliniske arbeidet famnar om alle pasientgrupper. Klinikken har ein stor andel vaksne, betalande pasientar og har difor eit breidt pasientgrunnlag med store moglegheiter for fagleg utvikling.
Me søker ein fagleg dyktig tannlege som ynskjer å bidra til å løyse tannhelsesektoren sitt samfunnsoppdrag. Du har mykje engasjement for pasientgruppene du vil møte i den offentlege tannhelsetenesta, og er interessert i å utvikle deg fagleg. Me søker deg som har godt humør, tar initiativ og samarbeider godt med alle yrkesgrupper og samarbeidspartnarar.
Me ønskar å legge til rette for fagleg utvikling og erfaringsutveksling på tvers av klinikkane våre. Hospitering til spesialist eller større fagmiljø er også noko du får tilbod om hjå oss.
KvalifikasjonarUtdanning:
Erfaring:
- Gjerne erfaring frå klinisk arbeid i offentleg sektor
- Beherskar norsk godt, både munnleg og skriftleg
Det vert forventa at du har digital kompetanse til å nytte fylkeskommunen sine IKT-løysingar og er motivert for å ta i bruk nye digitale løysingar.
Personlege eigenskapar- Ein positiv og fleksibel lagspelar som bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du jobbar systematisk og strukturert
- Du har evna til å jobbe sjølvstendig og ta initiativ
Det vert vektlagt at du er personleg egna til stillinga.
Fylkeskommunen skal vere ein omstillingsdyktig organisasjon, og arbeidsgjevar tek førehald om at sektortilhøyre, stilling, arbeidsstad og arbeidsoppgåver kan endras ved behov.
Me tilbyr- Spanande og varierte oppgåver
- Godt arbeidsmiljø
- Løn etter avtale
- Pensjonsordning i KLP
Tilsetting og prøvetid
Tilsetting skjer på grunnlag av dei til eikvar tid gjeldande lovar, tariffavtaler og reglement. Ved tilsetting av helsepersonell, krevast godkjend norsk autorisasjon. Det er vidare ei føresetnad at du kan legge fram godkjend politiattest (ikkje eldre enn tre månader). Som hovudregel praktiserar me 6 månadar prøvetid frå dato du tiltrer.
Søke stilling
Søknad sendas via elektronisk søknadsskjema. Vitnemål og attestar takas med til eventuelt intervju. Me gjer merksame på at alle våre søkare kjem på offentleg søkarliste jf Offentleglova § 25. Ynskje om fritak fra offentleggjering må du begrunne i søknaden. Dersom ditt ynskje ikkje vert innvilga, varsler me deg om dette. Fylkeskommunen er oppteken av at arbeidsstyrken i størst mogleg grad skal gjenspegle mangfaldet blant innbyggarane. Me oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søke uansett alder, kjønn, eventuell funksjonshemming, seksuell orientering, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Om fylkeskommunen
Fylkeskommunen er politisk styrt med fylkesordførar som øvste politiske leiar. Fylkesrådmannen er øvste administrative leiar.
Vestfold og Telemark fylkeskommune skal bidra til verdi for framtida gjennom kompetanse, samarbeid og openhet. Me bidreg til samfunnsutvikling og verdiskaping i regionen, og har ansvar for ulike oppgåver innan blant ana vidaregåande opplæring, kultur, folkehelse, tannhelse, kollektivtrafikk, fylkesvegar, samfunnsutvikling, samt regional- og arealplanlegging. Me jobber tverrfagleg og set innbyggarane sine behov i sentrum. Til dette oppdraget søker me profesjonelle, inkluderande og modige medarbeidarar som er gode relasjonsbyggarar og er løysingsorienterte lagspelarar.
Frå 01.01.24 delar fylkeskommunen seg, og Telemark blir eit eige fylke. Oppgåver og verdiar vil bli vidareført til dei nye fylkeskommunane.
Om bedriften
Sektor
Offentlig