Sjukepleiar / Spesialsjukepleiar / Helsefagarbeidar
Nevrologisk og ortogeriatrisk sengepost, Helse Møre og Romsdal HF
6450 Hjelset, Parkvegen 84, 6412 Molde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sykepleier/spesialsykepleier/helsefagarbeider
Oppstart
3. februar 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
6
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. januar
Når vi om kort tid flyttar inn i det nye akuttsjukehuset for Nordmøre og Romsdal på Hjelset, vil avdelinga inkludere ortogeriatri, i tillegg til generell nevrologi og slag. Vi skal bygge fag og lag! Målet vårt er å skape ei avdeling med høgt fagleg nivå og eit godt, stabilt arbeidsmiljø. Har du interesse for ortogeriatri eller nevrologi, eller har relevant vidareutdanning, håper vi at du tek kontakt.
Vi har fokus på ei heilskapleg tilnærming for å betre pasientens funksjon og livskvalitet, basert på kva som er viktig for pasient og pårørande. Alle fagområda i avdelinga samarbeider tett med det tverrfaglege teamet. Pasientane i vår avdeling kjem inn som anten planlagde innleggingar eller øyeblikkeleg hjelp. Dette gir ein variert og utfordrande arbeidskvardag med høgt tempo og stor arbeidsglede.
Skriv gjerne i søknaden kva stillingsstorleik du kan tenkje deg, og kva fagområde som interesserer deg.
Vi har i utgangspunktet tredelt turnus med arbeidshelg kvar tredje helg, men vi vurderer moglegheita for å tilby langvakter.
Vi ber om at attestar og vitnemål blir lasta opp som vedlegg til CV.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til eldre med brot
- Sjukepleie til geriatriske pasientar
- Sjukepleie til pasientar på sengepost
- Systematisk pre- og postoperativ oppfølging
- Legemiddelhandtering
- Stell og pleie
- Tverrfagleg samarbeid
- Bygge kompetanse og fag
- Rettleiing av sjukepleiarstudentar
- Gjere seg kjend med og halde seg oppdatert på prosedyrar og retningslinjer på sengeposten
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Relevant vidareutdanning kan bli prioritert
- Må beherske norsk både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Ønske om å jobbe med geriatriske eller nevrologiske pasientar
- Gode samarbeidsevner; evne til å jobbe i team og sjølvstendig
- Positiv innstilling og evne til å ta initiativ
- Ansvarsfull, påliteleg, fleksibel og løysingsorientert
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Monika Bolsønes Knutsen, Seksjonsleiar, +47 94132084, Monika.Bolsones.Knutsen@helse-mr.noArbeidsstad
Parkvegen 846412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4864822666
Stillingsprosent: 100, 50%
Fast
Startdato: 03.02.2025
Søknadsfrist: 19.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2811002
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b27bce0d881f403096f4507a29be3185