Spesialpedagog i PPT 100% fast stilling
Barne - og familietenestene, Sykkylven kommune
Haugneset 20, 6230 Sykkylven
Om jobben
Stillingstittel
Spesialpedagog - 100% fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 11. mai
Vi har ledig 100% fast stilling som spesialpedagog ved PPT frå snarast.
PPT gir råd- og rettleiing i høve opplæring og utvikling til barnehagar, skular, vaksenopplæringa, samt barn og føresette. Tenesta skal ha eit særskilt fokus knytt til effektivt sakkunnig arbeid og samtidig sikre utøving av systemretta arbeid i samsvar med kommunen si satsing på førebyggande tiltak og tidleg innsats. Sykkylven kommune er ein BTI kommune med fokus på betre tverrfagleg innsats der PPT har ein viktig rolle i arbeidet.
Vi ser etter deg som har relevant utdanning og erfaring innan spesialpedagogisk arbeid, og spesielt frå arbeid med komplekse funksjonsvanskar. Du må ha god kartleggings- og rettleiingskompetanse, samt trives med både sakshandsaming og systemarbeid. Stillinga vil i all hovudsak vere retta mot born i barnehagealder.
Arbeidstid vil i all hovudsak vere på dagtid, men arbeid einskilde kvelder kan forekomme. Den som vert tilsett må ha sertifikat og disponere eigen bil.
Tenesta nyttar fagprogrammet Visma Flyt PPT i sakshandsaminga.
PPT er organisert under barne- og familietenestene i lag med med jordmor-, helsestasjons- og skulehelsetenesta, barneverntenesta, flyktningtenesta, psykisk helseteam for barn og unge, fysioterapeut og familieteam. Desse tenestene har eit godt tverrfagleg samarbeid med fokus på tidleg innsats og verksame førebyggande tiltak.
Arbeidsstad er Haugneset 20, 6230 Sykkylven.
Arbeidsoppgåver
- Utføre sakkunnig arbeid for barn, unge og vaksne etter Opplæringslova og Barnehagelova
- Gjennomføre utgreiingar og evnekartleggingar, samt utarbeide sakkunnige vurderingar
- Delta i tverrfagleg samarbeid med andre tenester og deler av hjelpeapparatet på individ- og systemnivå
- Yte rettleiing og fagstøtte til føresette, personell og tenester som arbeider mot målgruppa
- Bistå barnehage og skule i arbeidet med organisasjons- og kompetanseutvikling
Kvalifikasjonar
- Treårig pedagogisk utdanning på bachelornivå og master i spesialpedagogikk
- Relevant sertifisering i ulike kartleggingsverktøy som WISC-V, CELF-5, Reynell m.m.
- Relevant arbeidserfaring frå spesialpedagogisk arbeid, spesielt med barn i barnehagealder
- Kjennskap til aktuelle lovverk og læreplanar
- Interesse for rettleiing, utvikling og systemretta arbeid
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Krav om gyldig politiattest
- Krav om å stille med eigen bil i tenesta
Personlege eigenskapar
- Evne til å skape tillit og bygge trygge relasjoner
- Evne til å skape endring og stå i krevjande situasjonar over tid
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Evne til å formidle kunnskap og jobbe systematisk
- Evne til å jobbe strukturert og målretta
- Evne til å sjå ressurser og løysinger
- Evne til å forstå viktigheita av tidleg intervensjon, førebygging og tilrettelegging
Personleg egnaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Varierte arbeidsoppgåver med faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
- Tett samarbeid med andre tenesteområder
- Godt og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- Fleksibel arbeidstid og varierte arbeidsdager
- Gode løns- og arbeidsvilkår etter avtale
- Obligatorisk tenestepensjonsordning
- Gunstige låneordningar og gode forsikringsordningar
- Gratis parkering
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.
Kontaktinformasjon
Tor Ove Myrseth, Avdelingsleiar PPT, 95087304, tor.ove.myrseth@sykkylven.kommune.noCarolin Urke, Einingsleiar Barn- og familietenestene, 94002772, carolin.urke@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Haugneset 206230 SYKKYLVEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 4963418973
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.05.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.
Sjå meir frå Sykkylven her
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2932285
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3d1828c8f3804fee867314b8834d8ce4