Prestevikariat Ulstein
Den norske kirke, Møre bispedøme
Kyrkjegata 11, 6065 Ulsteinvik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Prestevikariat Ulstein
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 17. november
Prestevikariat i Ulstein sokn 100%
Vi søkjer etter ein engasjert person som vil arbeide som prest i ein aktiv og engasjert kyrkjelyd.
Ulstein sokn er ein stor og aktiv kyrkjelyd med ei soknekyrkje lokalisert i sentrum av Ulsteinvik.
Den høge oppslutninga om gudstenestene, det gode samarbeid med lag og organisasjonar, eit rikt kulturliv og eit godt samarbeid med skular og barnehagar gjer kyrkjelyden til ein attraktiv samfunnsaktør. I kyrkjelyden er alle generasjonar og mange nasjonalitetar representerte, og det er stor frivillig aktivitet i mange aldersgrupper. Soknet driv kor og kulturarbeid, Open barnehage, diakonalt arbeid mot eldre og flyktningar, sorggrupper og ulike temasamlingar i tillegg til trusopplæring og anna fellesskapsbyggande arbeid.
Kyrkjekontoret har eigne lokalar i sentrum like ved kyrkja. Staben er samansett av: kyrkjeverje (100%), sokneprest (100%), kapellan (100%), 2 diakonar (til saman 130%), kantor (100%), kateket(100%), kyrkjelydspedagog (100%), kyrkjetenar (40%), sekretær (100%) og b/u-arbeidar (20% ). I tillegg har vi til saman 130% stilling på kyrkjegarden og 20% stilling knytt til kyrkjelyden sin barnehage.
Ulstein sokn har føreseielege rammevilkår gjennom ein detaljert avtale med Ulstein kommune. Det er gode og positive samarbeidstilhøve mellom embets- og rådsstrukturen og med sokneråd og fellesråd, og det er eit godt arbeidsmiljø ved kontoret.
Vikariatet vil i utgangspunktet være 6 mnd, med mulighet for eventuell forlengelse.
Tiltredelse januar 2025.
Arbeidsoppgåver
Presten skal i tråd med "Tjenesteordning for menighetsprester" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv blir fremja i kyrkjelyden. Gudstenester, tenesteveker som blir fordelte etter oppsett arbeidsplan.
Ta del i trus- og konfirmantopplæring, sjelesorg og andaktar på sjuke- og aldersinstitusjonane, diakonalt og anna kyrkjelydsaktivitet.
Endring av tenestestad eller oppgåver kan takast opp til vurdering dersom det skulle bli aktuelt, jf. Tjenesteordning for prester §9.
Kvalifikasjonar
Sjølv om vi søkjer primær etter ein prest, så er Ulstein sokn ein fin plass også å prøve seg som prest dersom ein sikter seg inn mot ein ny karriereveg som presteteneste.
Søkjaren vil få høve til å samarbeide kollegialt og tverrfagleg. Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar.
Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetjing som kyrkjelydsprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av kyrkjelydsprest".
Den som får tilbod om stillinga må legge fram politiattest.
Ordinert søkjar som er statsborgar i anna EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrkja, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemskap i Den norske kyrkja og krav om å beherske norsk språk, jf. Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6.
Personlege eigenskapar
Interesse for menneske og gode relasjonsbyggjande eigenskapar.
Ei engasjert forkynning som kommuniserer med kyrkjelyden. Evnen til å inspirere og dyrke fram engasjementet
Vi tilbyr
Løn etter hovudtariffavtalen for Den norske kyrkje.
Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette. Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement mv. og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta.
Eit godt samarbeid mellom staben i samarbeidsområdet, og mellom dei tilsette i prostiet. Prestane møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar.
Anna
For å bli tilsett bør ein ha førerkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet.
Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og Livssynssamfunn § 20.
Møre bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av etnisitet, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne eller legning. Vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Kontaktinformasjon
Ingeborg Matre, Prost, +47 94806965Arbeidsstad
Kyrkjegata 116065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Den norske kirkeReferansenr.: 4878076049
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 17.11.2024
Kontaktperson for stillingen
Ingeborg Matre
Prost
+47 94806965
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2777536
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2a3a5988a15b42159af66d1a9d165630