Hopp til innhold

Vil du vere med og skape scenekunst for heile Vestland?

Arbeidsgiver

TEATER VESTLAND AS

Sted

Storehagen 10, 6800 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Teknisk sjef
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 11. oktober

Teater Vestland er eit nynorsk turnéteater som skaper profesjonell scenekunst på vestlandske dialektar. Frå basen vår i Nynorskhuset i Førde produserer og formidlar vi teater på eigne scener, på turné i heile Vestland og i samarbeid med andre. I tillegg er vi ein aktiv kulturarena med gjestespel, teaterkafear, konsertar og eit variert program av andre arrangement og aktivitetar.

No søkjer vi ein trygg og utviklingsorientert teknisk sjef som kan leie menneske, økonomi og tekniske leveransar. Du skal bidra til at kunstnarlege ambisjonar blir realiserte på ein trygg og økonomisk forsvarleg måte. Stillinga rapporterer til direktør og vil vere ein del av leiargruppa.

Som teknisk sjef får du ansvar for eit fagmiljø med høg kompetanse innan sceneteknikk,lys,lyd, AV,snikkarverkstad,smie,målarverkstad,kostymeogrekvisitt.

Dine viktigaste oppgåver

• Ha personalansvar og leie, koordinere og utvikle medarbeidarane og fagmiljøa i teknisk avdeling.

• Planleggje og prioritere bemanning, ressursar og tekniske leveransar i produksjonar, turné og aktivitetar på Nynorskhuset.

• Ha ansvar for planlegging, framdrift og kvalitet i den tekniske leveransen frå idé til premiere og turné, og sikre trygge, gjennomførbare og økonomisk forsvarlege løysingar.

• Vere ein viktig og løysingsorientert samarbeidspartnar for teatersjef, produksjonssjef og kunstnarlege lag.

• Ha ansvar for budsjett, innkjøp, vedlikehald og investeringar på teknisk avdeling.

• Ha ansvar for HMS og tryggleik innanfor teknisk avdeling og det tekniske ansvarsområdet, og vidareutvikle gode rutinar for verkstader, lager og bruk av teknisk utstyr.

• Bidra til den strategiske utviklinga av Teater Vestland.

Vi ser etter deg som

• har leiarerfaring og er god til å utvikle menneske og byggje lag

• har forståing for arbeidsgivaransvar og relevant lov- og avtaleverk

• har høgare utdanning eller relevant realkompetanse

• har god teknisk forståing og kan sjå samanhengen mellom ulike fagområde

• har erfaring frå teknisk drift, produksjon eller prosjektleiing og frå å koordinere menneske, ressursar og leveransar

• arbeider strukturert, skaffar deg oversikt, tek tydelege avgjerder og har god gjennomføringsevne

• har gode samarbeidsevner og skaper tillit

• har økonomiforståing og kan planleggje og prioritere ressursar

• er oppteken av kvalitet, tryggleik og gode arbeidsprosessar

• har interesse for samspelet mellom kunst, handverk og teknologi i scenekunst

Førarkort klasse B er nødvendig. Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.

Teateret har nynorsk som administrasjonsspråk.

Kvifor velje Teater Vestland?

Hos oss får du arbeide tett på dei skapande prosessane og vere del av eit sterkt og mangfaldig fagmiljø. Du får handlingsrom til å utvikle arbeidsmåtar i eit profesjonelt teater med eit tydeleg språkleg og regionalt samfunnsoppdrag. Vi tilbyr løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar.

Arbeidsstad: Førde

Stilling: Fast 100 %

Tiltreding: Etter avtale

Reiseverksemd og noko arbeid på kveld og i helg må reknast med.

Søknadsfrist: 11. oktober 2026

Send søknad med CV til post@teatervestland.no

Teater Vestland ønskjer mangfald og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller kulturell bakgrunn.

Om bedriften

Teater Vestland er det einaste turnerande nynorskteateret i landet. Vi produserer scenekunst av høg kvalitet. Sidan 2023 har vi hatt heimebase i Nynorskhuset midt i Førde sentrum, saman med NRK Vestland og lokalavisa Firda. Vi speler både heime og på turné i små og store lokalsamfunn i Vestland.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3b10de9e-abaa-4385-b7d5-9a49350dea52

Sist endret

21. september 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

476689325

Lignende annonser

Laster lignende annonser