Sesongmedarbeider vintersesongen 25/26
Voss Resort AS
5704 Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sesongmedarbeider
Type ansettelse
Sesong, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
20
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 15. juli
Vil du jobba i Vestlandets største skisenter og vera med på å skapa gode opplevingar for gjestene våre? Då vil me gjerne jobba med deg!
Voss Resort søkjer etter sesongmedarbeidarar frå desember til april. Me ser etter deg som er engasjert, glad i folk, og som trivst med å vere i aktivitet -- ute eller inne. Hjå oss blir du ein viktig del av laget som sørger for at gjestene våre får ei trygg, kjekk og minneverdig oppleving.
Du passar godt hjå oss om du er sjølvstendig, positiv, løysingsorientert og ikkje redd for å by på deg sjølv. Eit glimt i auga og godt humør tek deg langt!
Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar me å høyra frå deg.
Til vintersesongen 2025/2026 søkjer me personale til fylgjande stillingar:
-
Heisførar, heiltid/deltid (over 18 år og norsktalande)
-
Skipatrulje, deltid (relevant erfaring eller helsefagleg bakgrunn)
-
Gjesteservice, deltid (resepsjon/ billettsal)
-
Servicevert, deltid (passer for skuleungdom)
-
Servering, heiltid/deltid
-
Skiinstruktør/ skishop, heiltid/ deltid (skiinstruktører må ha godkjent norsk sertifisering, trinn 2 og oppover)
Me tilbyr ein sosial arbeidsstad i ein spanande og hektisk bransje, med hyggelege uteglade kollegaer med mykje godt humør. Stillingane er heiltid eller deltid innanfor vintersesongen, med turnusarbeid på kveld, helger og feriar. Dei fleste deltidstillingane er arbeid i helger og feriar, som kan kombinerast med studier.
Obs, hugs å presiser kva stilling du søker på i søknaden din.
Om arbeidsgiverenVoss Resort er ei spanande merkevare med høg aktivitet. Gjester kjem til oss fordi dei her får opplevingar dei ikkje får andre stader. Som ein naturleg stoppestad på jernbanen Bergen -- Oslo, gjer me det i tillegg lett for tilreisande å koma seg til fjells på miljøvenleg vis.
Voss Resort er ein sentral aktør i bygda, og er ein av motorane for den positive utviklinga på Voss. Det er mange spanande prosjekt under planlegging, og det er venta betydeleg utvikling i den operative aktiviteten dei komande åra. Vår visjon er å gje gjestene opplevingar som vert hugsa og snakka om. Me som jobbar her er ekte, ærlege, kreative, litt (små)gale vossingar* med glimt i auga. (*alle som er ekte, ærlege, kreative og litt gale kan kallast vossingar).
Om bedriften
Voss Resort AS driftar gondol, skisenter, overnatting, eigedomsutvikling, servering og aktivitetar. Konsernet er ein sentral aktør i bygda, og har vore ein av motorane på Voss.
Sektor
Privat