Barneverntenesta søker etter
Sunnfjord kommune Sunnfjord barnevern
Sunnfjord
Om jobben
Stillingstittel
Assisterande einingsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest lørdag 31. mai
Sunnfjord kommune ligg midt mellom Bergen og Ålesund. Kommunen har om lag 22 400 innbyggarar, og vart etablert i 2020 gjennom samanslåing av fire kommunar. I 2024 vedtok kommunestyret planen «Saman om EIN god oppvekst» – ein førebyggande plan for barn og unge som legg føringar for tverrfagleg samarbeid og heilskaplege tenester i kommunen.
Vil du vere med å vidareutvikle barnevernet i Sunnfjord kommune?Vi har ledig ei 100 % fast stilling som assisterande einingsleiar i barnevernstenesta. Vi søker deg med solid erfaring frå barnevernsfeltet, engasjement for fagleg utvikling og eit ynskje om å bidra til god leiing og kvalitetsutvikling i tenesta.
Sunnfjord barnevern har 28,5 årsverk og er organisert etter ein spesialistmodell. Tre sakshandsamingsteam: mottak/undersøking, oppfølgingsteam og omsorgsteam. I tillegg har vi eit eige familieteam (tiltaksteam) og ein kontorfagleg stab som tek i vare administrative funksjonar.
Som assisterande einingsleiar blir du ein del av det utvida leiarteamet og vil jobbe tett med barnevernleiar og teamleiarar i utviklinga av tenesta.
Ansvarsområde:
- fast stedfortredar i barnevernleiar sitt fråvær
- ansvar for å drifte mottak og avklaring av bekymringsmeldingar
- støtte og avlaste barnevernleiar i strategiske og operative oppgåver
- bidra til heilskapleg oversikt over tenesta og medverke til god planlegging og ressursdisponering på tvers av team for best mogleg oppgåveløysing
- delta i tverrfaglege møtefora og bidra til heilskapleg innsats rundt barn og unge i tråd med samhandlingsmodellen BTI-modellen (Betre Tverrfagleg Innsats)
- ansvar for kvalitetssystem og internkontroll
- pådrivar for utviklings- og endringsprosessar, samt implementering og opplæring
- superbrukar i barnevernet sitt fagsystem Modulus
- ansvar for opplæring av nytilsette, i samarbeid med teamleiarar
- koordinere og følgje opp innsynskrav, klagesaker og anna sakshandsaming
- delta i interkommunal barnevernvaktordning
Kvalifikasjonar:
- bachelor i barnevern eller sosialt arbeid
- leiarutdanning eller er villig til å ta vidareutdanning innan barnevernleiing
- erfaring frå kommunal barnevernteneste og relevant leiarerfaring
- god kjennskap til gjeldande lovverk og føringar
På bakgrunn av krav til kompetanse i barneverntenesta, jf. lov om barneverntenester § 15-6, må søkar ha eller være villeg til å starte på relevant barnevernfagleg mastergrad eller anna relevant utdanning på tilsvarande nivå.
Vi søker deg som:
- tydeleg, trygg og samlande – evnar å engasjere og skape tillit
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- har engasjement for tverrfagleg samarbeid og heilskapleg tenking
- har evne til å vurdere, prioritere og ta avgjersle i komplekse situasjonar
- er interesse for kvalitets- og utviklingsarbeid
Vi tilbyr:
- ei spennande og utfordrande leiarstilling
- eit leiarteam som gir god støtte til utviklingsarbeidet
- moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving
- eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
- konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar
Krav om gyldig politiattest før start i stillinga.
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar!
Kontaktperson: Elisabeth Flo Kyrkjebø, tlf.nr 97184349. Ny barnevernleiar frå 26.mai 2025.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2942085
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3502417_172547_nn