Ønsker du å arbeide som teknikar på grovfor på Haugalandet?
Norsk Landbruksrådgiving SA
Dreganesvegen 36, 5580 Ølen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Teknikar på grovfôr
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 30. juni
Vil du bli ein del av landbrukets viktigaste kompetansebedrift?
Me har ledig fast stilling som teknikar på grovfor ved våre kontor på Haugalandet i 50 til 100 % stilling. Stillinga kan tilpassast etter sesong, med høgsesong vinterstid og avspasering eller fri på sumaren. Teknikaren skal betene produsentar i kommunane på Haugalandet, men kan også bli beden om å bidra i andre område ved behov.
Me har kontorstad i Ølen og Haugesund slik at kontorstad kan bli tilpassa etter kvar søkjaren bur.
Arbeidsmengden er varierande etter arbeidsoppgåve og sesong, så det krev at ein kan arbeide strukturert for å unngå lange arbeidsdagar.
Arbeidsverktøyet vårt er digitalt slik at du må kunne betene digitale verktøy, samt kunne ta kontakt med kunde på telefon.
Kundemassen vår er over eit stort område så du må vere komfortabel med å kunne køyre bil. Me har 2 firmabilar til disposisjon, men du må regne med å, til tidar, nytte eigen bil i arbeidet.
Ønskede kvalifikasjoner og egenskaper:-
Praktisk erfaring innan landbruk
-
God arbeidskapasitet
-
Samarbeidsvillig og sjølvstendig
-
Ansvarleg
-
Nevenyttig
-
Sertifikat klasse B, T og gjerne BE.
-
Ta jordprøvar
-
Utarbeide gjødselplanar
-
Funksjonstesting av traktorsprøyte
-
Lettare vedlikehald av forsøksutstyr med meir.
-
Avhengig av kapasitet kan andre oppgåver kome i tillegg slik som for eksempel kontroll av brannslukkingsapparat.
Ynskjer du å arbeide heiltid kan du også få oppgåver innan forsøksteknikk som inneber:
-
Ansvar for gjennomføring av forsøk
-
Å bidra på forsøk innan grovfor og andre forvekstar
Om bedriften
Norsk Landbruksrådgiving SA (NLR) er eit landsdekkande samvirkeforetak med 24.000 medlemmar og 400 medarbeidarar. Med seks regionavdelingar og rundt 100 kontorstader, har NLR sterkt lokalt nærvær. NLR er bindeledd mellom forsking og landbruket, og innhentar, utviklar og samordnar kunnskap som rådgjevarane formidlar til næringsutøvarar i landbruket.
Våre tilsette jobbar med rådgjeving og utviklingsoppgåver innan jord- og planteproduksjon, økonomi, rekneskap, HMS, maskinteknikk, hydroteknikk, presisjonslandbruk, landbruksbygg, fornybar energi, klima og miljø. Vår visjon er “kompetanse for framtida”. Vi leverer aktuell, kunnskapsbasert, objektiv og heilskapleg rådgjeving og er ein attraktiv samarbeidspartnar for landbruket.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3aaa7306-22d6-4f27-853a-6011dbd7a9c7
- Hentet fra
FINN
- Referanse
409916922