Hopp til innhold

Vil du vere vikar for avdelingsleiar i helseavdelinga i Sandeid fengsel?

Arbeidsgiver

Vindafjord kommune Rus og psykiatri

Sted

Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

I helseavdelinga i Sandeid fengsel treng me ein vikar for avdelingsleiar, du må vere engasjert og fagleg sterk. Me ser etter deg som vil vere med å vidareutvikle eit viktig helsetilbod, og som trivst med å kombinere leiaroppgåver og klinisk  arbeid i eit variert og meinigsfullt arbeid.

Vikariat 100% stilling på dagtid, f.o.m 11.05.26 t.o.m. 05.03.27, kan verte forlenga.

Sandeid fengsel er kategorisert som eit opent fengsel med lav sikkerheit, og har ein kapasitet på 88 innsette. Sandeid fengsel har eit variert tilbod kva gjeld aktivitetar/arbeid på dagtid, enten dette dreier seg om opplæring/skule eller praktisk arbeid.

Kva får du jobba med hos oss?
  • Oppfølging, koordinering, rettleiing,- og undervisning.
  • Individuelle samtalar og medisinoppfølging.
  • Samarbeid med tilsynslege, spesialisthelsetenesta, skule og kriminalomsorga.
  • Labratoriearbeid.
  • Personalansvar og dagleg drift av helseavdelinga.
Me kan tilby:
  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering og rabatt på treningssenter.
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Kvalifikasjonar:
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Kandidatar med vidareutdanning i psykisk helse og rus oppfordrast til å søka.
  • Leiarerfaring er ønskeleg.
  • Erfaring frå psykisk helse -/rusfeltet er ein fordel.
  • God IKT - kompetanse og erfaring med elektronsik pasientjournal.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk. 
Personlege eigenskapar:
  • Engasjert, løysingsorientert og relasjonsbyggjande.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
  • Strukturert og god på å prioritere i ein hektisk kvardag.
  • Robust, trygg og open, med høg arbeidskapasitet.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:
  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Alle som skal jobbe i fengselet må igjennom ein sikkerheits klarering.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse. 
Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle. Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

3a9ad1c3-83f2-4f96-8e07-fa937a4484f0

Sist endret

17. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3584791_229845_nn

Lignende annonser