Rådgjevar
Nav Kvam
Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Om jobben
Stillingstittel
Rådgjevar
Oppstart
1. oktober 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 22. mai
Er du god til å motivere for arbeid og aktivitet ? Vil du være med å løyse samfunnsoppdraget til Nav? Gjennom vår innsats og kompetanse skal fleire få høve til å bruke eigne ressursar i arbeid og aktivitet, og få sjølvstendige liv, trass livsutfordringar. Nav Kvam har 21 engasjerte medarbeidarar, og no søkjer me etter ein ny kollega!
Me har ledig ein 100 % fast stilling som rettleiar for personar med behov for tett oppfølging for å kome i arbeid.
Som tilsett ved Nav Kvam blir du ein del av eit kollegafelleskap med eit breidt arbeidsfelt som delar kunnskap og som spelar kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Motivere og rettleie personar som treng oppfølging og støtte frå Nav for å kome i arbeid gjennom samtalar og samarbeidsmøter
- Saksførebuing etter lov om folketrygd og arbeids- og velferdsforvaltninga
- Samhandling med arbeidsgjevarar, tiltaksleverandørar, helsepersonell og andre
- Generell veiledning av Nav sine tenester i publikumsmottak
Nav er en organisasjon i stadig utvikling. Dette kan føre til endringar i arbeidsoppgåver og avdeling.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- fullført 3 årig høgare utdanning tilsvarande bachelor. Det er ynskeleg med utdanning innen helse- og sosialfag, pedagogikk eller jus. Særleg relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
- kompetanse og erfaring frå veilednings- og relasjonsarbeid
- gode skriftlige og muntlige kommunikasjonsferdigheiter på norsk
- god digital kompetanse og evne til å setje deg inn i og bruke nye digitale verktøy
Me ynskjer at du har:
- kjennskap til arbeidsmarknaden både lokalt og regionalt
- kompetanse på tverrfagleg samarbeid, nettverksbygging og arbeidsinkludering
- har erfaring frå arbeid med personer med sammensette livsutfordringar
Personlege eigenskapar
Me ynskjer deg med på laget dersom du:
- er systematisk og strukturert
- er trygg i møte med menneske i ein vanskelege livssituasjonar
- er engasjert, menneskeorientert og opptatt av samarbeid for å løyse oppgåver
- brukar klarspråk når du skriv, og kan forklare kompliserte ting på ein enkel måte skriftleg og munnleg
- er opptatt av å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Me tilbyr
- Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
- Eit aktivt og godt arbeidsmiljø med dyktige og trivelege arbeidskollegaer
- Moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
- Statleg tilsetjing som rådgjevar med lønsspenn frå kr. 570.000 – 620.000 pr år. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Gode pensjons og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Sigrid Karin Dolve, 906 57 935, sigrid-karin.dolve@nav.noArbeidsstad
Grovagjelet 165600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NAVReferansenr.: 4966615929
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.10.2025
Søknadsfrist: 22.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2935122
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ba9e1d87c211408a88bd5ec14788f530