Barne- og ungdomsarbeidar/tilsvarande, 100% fast st.
Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Eivindvik barnehage og skule. TIlsetjing 100% fast barne- og ungdomsarbeidar frå 11. august 25
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 21. mai
Om stillinga
Eivindvik barnehage og skule, avdeling barnehage, har ledig i inntil 100% fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar frå 11.08.2025.
Barnehagane i Gulen har:
- Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, der idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar
- Relativt små barnehagar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna pedagogar
- Godt arbeidsmiljø
- Tilbod om rettleiing
- Godt nettverksamarbeid mellom pedagogane i dei ulike barnehagane i kommunen
Arbeidsoppgåver for ein barne- og ungdomsarbeidar
- Medverke til at barnehagen og skulen er ei god pedagogisk verksemd
- Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med borna
- Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaludering og vurdering i verksemda
- Nokre av fagarbeidarstillingane i eininga er knytt til arbeid med enkeltborn
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande kompetanse. Søkjarar utan godkjent utdanning kan verte vurdert for mellombels stilling
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
- Gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
- Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
- Er strukturert, men likevel kunne vere spontan i møtet med borna
- Fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Løn etter tariff
Kontaktpersoner for stillingen
Ann Norunn Leknes
Avdelingsleiar Eivindvik barnehage og skule, avd. barnehage
+4794809967
Veslemøy Dingen
Einingsleiar Eivindvik barnehage og skule
+4794826408
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted