MobilApp utviklere
Digitaliseringsdirektoratet
Skrivarvegen 2, 6863 Leikanger, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
MobilApp utviklere
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest mandag 1. september
Om stillinga
Vi ser etter deg som har erfaring med utvikling på mobilplattform, og som ønskjer åvere med på å forme framtidas digitale lommebok.
Er du ein utviklar med lidenskap for teknologi, som søker eit sterkt fagmiljø ogspennande utfordringar? Hos oss i Digdir får du meir enn ein jobb – du blir del av eit miljø der du kan utvikle deg både fagleg og personleg, saman med dyktige kollegaer som brenn for å modernisere offentleg sektor.
Som utviklar i vår avdeling blir du med på å utvikle løysingar som ikkje tåler nedetid, fiksar høg trafikk, og sjølvsagt har den sikkerheiten som trengs. Vår topp moderne utviklingsplattform sørgar for at produktteama har dei beste fasilitetane for å utvikle smidig og med stor fart. Vi definerer problem, finn løysing, kodar, et lunsj, tek ein kaffi ogprodsetter – kvar dag !
Framover skal vi gjera våre løysingar som ID-Porten og MinID endå betre, samtidig som vi skal utforske alt det nye som kjem med EU sin eIDAS-lovgivning og EU-lommebok. Vi er heilt sikre på at det blir spennande, krevjande, hektisk, lærerikt og utfordrande –akkurat slik vi likar det !
Om du også likar det slik, kan noko og vil noko – så søk på jobben! I denne runden ser vispesielt etter utviklarar med erfaring frå utvikling på mobilplattform.
TeknologiVi utviklar og forvaltar våre eigne native mobilappar – som apputviklar får du ansvar for heile livssyklusen, frå idé og utvikling til produksjonssetting og vidareutvikling i tverrfaglege team.
Vi brukar native teknologiar for Android og iOS, og dagens teknologistakk inkluderer mellom anna Swift, Kotlin og React.
Appane er ein sentral del av vår moderne plattform, som er basert på mikrortenester og Kubernetes (OpenShift).
Stillinga er primært plassert ved vårt kontor i Sogndal, men vi er opne for at seniorutviklarar kan jobbe frå andre stader i landet.
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåva di vil vere produktutvikling i eit tverrfagleg produktteam. Du vil saman med teamet ha det tekniske ansvaret for produkta til teamet og arbeide med kontinuerleg forbetring over tid. Du bidreg til å bygge løysingar som betyr noko for mange, og som gir løpande verdiauke for samfunnet.
Kvalifikasjonar
Du må ha:- Høgare, relevant utdanning frå høgskule eller universitet, minimum på bachelornivå. Relevant arbeidserfaring kan erstatte manglande utdanning.
- Eit bevisst forhold til kvaliteten på koden du leverer – til dømes innan modellering, overvaking og testing.
- Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk, då arbeidsspråket er norsk.
- Erfaring med utvikling av native mobilappar for Android og/eller iOS.
- Høve til å bli autorisert for BEGRENSET etter reglane i sikkerheitslova
- Erfaring frå arbeid i tverrfaglege team med kontinuerlege leveransar.
- Minimum 3 års erfaring som utviklar.
- Erfaring med drift av appar i Google Play, App Store, Firebase og TestFlight.
Personlege eigenskapar
Du blir ein del av eit lag, og då samarbeider du godt med andre og set pris på kompetansedeling. Kontinuerleg evaluering og forbetring er viktig for oss – og for deg og teamet ditt.
Det er derfor viktig at du:
- kan jobbe sjølvstendig og i team
- tek initiativ når du ser nye moglegheiter
- er engasjert, strukturert, analytisk og løysingsorientert
- har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- ønskjer å ta ansvar i teamet og er open for å lære nye teknologiar og metodar
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
- arbeidsoppgåver i eit fagfelt prega av høg utviklingstakt og eit spennande samfunnsoppdrag
- gode ordningar for opplæring og vidareutvikling
- familievennleg personalpolitikk
- lønn som rådgjevar i lønnsspenn kr 624 500 – kr 759 100 og seniorrådgjevar i lønnsspenn kr 700 000 – kr 1 025 200. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn
- fleksitid, sommartid og moglegheit for to timar trening ukentlig i arbeidstida
- medlemskap i Statens pensjonskasse som er ein av landets beste pensjonsordningar med gunstige bustadlån og gode forsikringsordningar
Les meir om godene ved å jobbe i staten på Arbeidsgivarportalen.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss.
Vil du vite meir?
Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne
Seksjonssjef Jørn Stenehjem
E-post: jorn.stenehjem@digdir.no
Telefon: 91146279
Vitnemål og attestar må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søker stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetting av papir og vitnemål, og godkjenning frå Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse.
Søkarlister kan bli offentleggjort iht. offentleglova § 25. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette begrunnast. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkerlista. Du vil i så fall bli varsla.
Sikkerheit i Digdir
Digdir forvaltar samfunnskritisk infrastruktur. Sikkerheit er derfor integrert i rekrutteringsprosessane hos oss.
I stillingar som blir vurdert som sikkerheitskritiske, må du rekne med å få spørsmål knytt til sikkerheitsmessig skikkaheit i rekrutteringsprosessen.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Digdir er underlagt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Direktoratet har om lag 400 tilsette fordelt på våre kontor i Brønnøysund, Leikanger og Oslo. Vi har fire fagavdelingar, to stabs- og støtteavdelingar og eit tilsyn for universell utforming av ikt, som har ei særskilt uavhengig rolle. Våre verdiar er påliteleg, inkluderande og uredd. Digdir er regjeringas fremste verktøy for ei raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor.Direktoratet skal bidra til enklare og meir tilgjengelege offentlege tenester for innbyggarane og auka verdiskaping for næringslivet. Visjonen vår er saman for ein enklare digital kvardag. Les meir om Digdir på våre nettsider Digdir.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3a7a9d99-43c2-4724-aa3c-9e0ed0264690
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10258960