Er du klar for å ta kvalitetsansvaret i eit moderne og framtidsretta laboratorium?
Medisinsk mikrobiologi, Helse Fonna HF
Karmsundsgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagansvarlig ingeniør kvalitet
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. juni
Medisinsk mikrobiologi er ein del av avdeling for laboratoriemedisin ved klinikk for medisinske tenester og beredskap i Helse Fonna. Avdelinga vår har teke i bruk ny avansert teknologi med høg grad av automasjon og digitale løysingar. Vi er i stadig utvikling.
Fagansvarleg ingeniør kvalitet er ein del av leiarteamet ved Medisinsk mikrobiologi og skal ha ei sjølvstendig rolle ved vurdering av kvalitetsspørsmål. Fagansvarleg vil vera laboratoriet sin representant i avdelinga sitt tverrfaglege kvalitetsnettverk.
- Vi hjelper deg med reise- og flyttekostnader (inntil 20.000,-) Vi dekker husleige dei første 6 månadane (inntil 60.000,-).
Intervju blir gjennomførte fortløpande, og vi er fleksible når det gjeld oppstartsdato. Ta kontakt med Tiril dersom du har spørsmål!
Ved eventuell intern tilsetjing kan det bli ledig ei anna stilling som fagingeniør eller fagansvarleg ingeniør i dagturnus. Angi i søknad om dette er av interesse for deg.
Arbeidsoppgåver
- Delta i laboratoriets rutinearbeid
- Medverka til fleksibel og rasjonell drift av verksemda og sikre at arbeidet blir utført i samsvar med gjeldande føringar gitt via konsensusmøter, krav gitt i ISO 15189, etablerte kvalitetspolitikk og kvalitetsmål
- Ressursperson og pådrivar i utviklings- og forbetringsarbeid
- Ansvarleg for at det finst nødvendige prosedyrar og opplæringsplanar innan eige fagområde
- Følgja opp og rapportera på kvalitetskontrollar og kvalitetsindikatorar
- I samarbeid med funksjonsleiar og overlege finna og sette i verk tiltak for kontinuerleg forbetring av laboratorieverksemda
- Gi råd og rettleiing, samt bistå kollegaer, funksjonsleiar og overlegar i kvalitetsspørsmål
- Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette
- Oppgåver relatert til kvalitetssystem, kvalitetsarbeid og utviklingsarbeid
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Bioingeniør med norsk autorisasjon
- Kompetanse og erfaring innan mikrobiologi blir vektlagd
- Det vil bli lagt vekt på erfaring frå akkrediteringsprosessar og kvalitetsarbeid
- Kunnskap i bruk og forståing av ISO 15189 standarden eller andre samanliknbare standardar for kvalitetsstyring
- Kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system blir vektlagt
- Må ha ein nøyaktig arbeidsmetodikk med stor forståing av prosedyre handtering, og validering/verifisering av nye metodar og instrument
- Gode kommunikasjonsferdigheiter i norsk, munnleg og skriftleg
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar og vilje til å ta ansvar.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- har motivasjon og interesse for fagfeltet
- er punktleg og påliteleg
- har gode samarbeidsevner
- er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp
- trivst i eit tverrfagleg miljø
- toler å stå i krevjande situasjonar og meistrar høgt tempo
- bidreg positivt til eit fagleg og sosialt arbeidsmiljø
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar
- Eit laboratorium og eit fagområde under utvikling
- Ein spennande jobb med varierte arbeidsoppgåver
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Tiril Knutsen, Funksjonsleiar - Medisinsk mikrobiologi, +47 41441849, tiril.knutsen@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundsgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4964295719
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2936965
- Hentet fra
talentech
- Referanse
955b4615c09f47a59bba40be4672457f