Kva med ein kvardag ute i spennande aktivitet saman med elevar frå heile landet?
Ål kommune Hallingdal leirskule
Myrovegen 15,, 3570 Ål, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Leirskuleinstruktør – inntil 40% mellombels stilling
Oppstart
1. september 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 40%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vi har ledig inntil 40% mellombels stilling som leirskuleinstruktør ved Hallingdal leirskule for skuleåret 2025/26, i perioden 01.09.25-31.07.26.
Kvalifikasjonar- allsidig friluftsliverfaring og idrettserfaring
- kunnskap innan orientering og førstehjelp
- det er ynskjeleg at du har:
- erfaring frå opplæring/undervisning
- instruktørutdanning innan alpinski, (nybegynnaropplæring) og/eller klatring
- livredningsprøve i vatn
- erfaring frå leirskule eller anna organisert friluftsaktivitet for barn i aldersgruppa 10-13 år
- trygg, positiv og tydeleg i møte med elevane
- har gode samarbeidsevner
- er fleksibel og løysingsorientert
- er glad i å vere ute i all slags vêr, året rundt
- kunnskapsrik og triveleg
- at du bidreg til kollegiet
- møter elevar og vaksne med eit smil kvar dag
- kan uttrykke deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg
- engasjerte tilsette
- stabil personalgruppe
- pensjonsordning KLP
- arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala
Utearbeid heile året. Kveldsarbeid må påreknast. Arbeidet fylgjer skuleåret. Leirskulen har planlagt 16-18 leirskuleveker i 2025/26. Arbeidsåret er periodisert.
Søknad og politiattest- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga!
Velkomen som søkjar!
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Hallingdal leirskole vart etablert i 2016, og har vorte ein godt besøkt leirskule med gode tilbakemeldingar frå våre elevar og lærarar. Vi er ein del av Topcamp Hallingdal, og ligg i naturskjønne Ål i Hallingdal. Vi nyttar både Topcamp Hallingdal sine fasilitetar og høgfjellsområda i nærleiken i våre aktivitetar for elevane. Vi har om lag 2.200 besøkande elevar kvart år, fordelt på både haust, vinter og vår. Vi driver med bogeskyting, matlaging på bål, orientering, handverk frå gamle dagar, pionering, teambuildingsaktivitetar, topptur, fiske, skileik, langrenn, alpinski, skiskyting og enda mykje meire.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2922732
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3495077_220501_nn