Sjukepleiar institusjon
Aukra kommune Institusjonstenester
Falkhytten, 6480 Aukra, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar 100 % fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 26. februar
Aukra Omsorgssenter ligg på Gossen Ferga er gratis og turen tek 10 minutt frå fastlandet. Institusjonen har tre avdelingar og totalt 30 plassar; skjerma avdeling, korttids- og avlastningsavdeling, samt langtidsavdeling. Omsorgssenteret inneheld `og 20 heildøgns omsorgsbustadar og base for heimesjukepleie.
Gruppa med sjukepleiarar utgjer eit sterkt fagmiljø med ulike kompetansar, og det er tett samarbeid med heimesjukepleie. Det er eit godt tverrfagleg samarbeid med fysioterapeut, ergoterapeut og tilsynslege.
Alternative turnusplanar er godt innarbeidd og går over 12 veker. Du kan sjølv velgje mellom langvakter og vanlege vakter, eller ein kombinasjon av dette. Turnusplanar er individuelt tilpassa.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Gode i norsk, munnleg og skriftleg
- Interesse for teknologi
- Relevant erfaring og kunnskap i eldreomsorg
- Fagleg engasjert med interesse for geriatri
- Strukturert, løysingsorientert, nytenkande
- Relasjonsbyggar
- Fagleg oppdatert
- Godt arbeidsmiljø og teamarbeid er viktig
- Prioritere og beslutte
- Personleg eigna
Aukra kommune tilbyr
- Startlønn 8 års ansiennitet etter Hovudtariffavtalen
- Stabilitetstillegg
- Akuttmedisinsk kurs grunna drift av legevaktsatelitt
- Støtte til vidareutdanning jfr. Kompetanseplana
- Nytt omsorgssenter med moderne fasilitetar og teknologi
Aukra Omsorgssenter ligger på øya Gossen i Aukra kommune. På Gossen er det mange fine turstiar og flott natur. Vi har også kulturhus med konsertar, kino, svømmebasseng og bibliotek.
Særskilte kravDet vert stilt krav om politiattest ved tiltreding
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader
Søkarliste
Du kan reservere deg frå søkarlista, men må grunngjeve kvifor i søknad. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om å ikkje bli oppført på søkarlista jmf. Offentleglova §25. Du blir varsla om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
https://youtu.be/nDe8ChkkXjI?si=OXQAoowppl-wSeff
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2847390
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3355365_191795_nn