Er du god med folk – og klar for å gjera ein forskjell i Hardanger?
Sparebanken Norge
Grova 14, 5006 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Finansiell rådgiver
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
I Sparebanken Norge byggjer vi noko heilt unikt. To solide, verdidrevne bankar har blitt til éin – og saman byggjer vi Norges beste og største sparebank, stein for stein. Hos oss handlar det først og fremst om folk – både kundane og kollegaene våre. No ser vi etter ein ny rådgjevar til kontoret vårt i Norheimsund. Kanskje er det nettopp deg?
Om kontoret og lagetPå Norheimsund-kontoret er vi 14 kollegaer. I vår avdeling er vi sju rådgjevarar og ein leiar – og i tillegg har vi tre bedriftsrådgjevarar, ein investeringsrådgjevar og to eigedomsmeklarar. Me jobbar tett saman, heiar på kvarandre og trivst i lag – og det merkast i kvardagen. Her møter du ein god miks av erfaring og nytenking, og ein kultur der me løfter kvarandre og skapar resultat saman.
Vi er stolte av tilhøyrigheita vår til Hardanger, og jobbar kvar dag for å gjera ein forskjell – for kundane, for laget og for lokalsamfunnet. Innimellom finn me òg på noko heilt anna ilag – fjelltur, bowling, kajakkpadling eller ein sosial kveld ute.
Kva går jobben ut på?Som rådgjevar på privatmarknaden blir du ein viktig sparringspartnar for kundane våre gjennom ulike fasar i livet. Du får ansvar for din eigen portefølje, og jobbar aktivt med å bygga nye relasjonar. Gjennom gode, tillitsfulle samtalar gir du heilskapleg rådgjeving innan bustadlån, sparing og forsikring frå Frende.
Arbeidskvardagen er variert – med både fysiske og digitale kundemøte – og du får brukt både faglege og mellommenneskelege ferdigheiter. Du blir òg ein del av eit sterkt fagmiljø der vi deler kunnskap, utfordrar kvarandre og jobbar mot felles mål.
Kven er du?Du kan ha med deg erfaring og resultat – eller du kan være i starten av karrieren og klar for å læra. Det viktigste er haldningane dine og korleis du møter folk.
Hos oss lukkast du dersom du:- skaper tryggleik og engasjement i møte med kundar
- likar å sette deg mål – og jobbar strukturert for å nå dei
- er nysgjerrig, lærevillig og ikkje redd for å prøve nytt
- er flink til å formidla ting på ein enkel og forståeleg måte
Kanskje har du høgare utdanning innen økonomi, eller erfaring frå rådgjeving, sal eller kundebehandling? Har du AFR-sertifisering er det eit pluss – men viss ikkje, hjelper vi deg med å få det på plass.
Kva får du hos oss?I Sparebanken Norge får du meir enn ein jobb – du blir ein del av noko større. Vi er ein alliansefri sparebank med sterke røter i lokalmiljøet og korte veger til beslutningar. Du får tillit, ansvar og utviklingsmoglegheiter – uansett kvar du er i karriereløpet.
Du får:- god opplæring og tett oppfølging gjennom vårt Sterk start-program
- kollegaer som heiar på deg og vil at du skal lykkast
- fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø der du kan være deg sjølv
- og ikkje minst: Du får vere med og bygge noko nytt – og skapa ekte verdi for både kundane og lokalsamfunnet.
Du blir ein del av vårt tverrfaglige miljø i Norheimsund, der vi samarbeider tett for å gje kundane våre rådgjeving og tenester i særklasse. Her er vi nær – og stolte av det.
Klar for å bli med på laget?Vi gler oss til å høyra frå deg – enten du har lang erfaring eller ser etter ditt første steg i karrieren. Søknadar vert behandle fortløpande, så ikkje vent for lenge med å ta kontakt.
Har du spørsmål om stillinga?Ta gjerne kontakt med May Turid Tømmervik for ein uforpliktende prat.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3a4dcd77-b652-4c7b-886f-8959f08ff190
- Hentet fra
talentech
- Referanse
56ec616765f542c1b89a21b150565c9b