Lærarar til grunnskulen
Sveio kommune
Sveiogata 70, 5550 Sveio, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærarar til grunnskulen
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 3. mars
Vil du bli lærar i Sveio?
Det er venta å bli ledige lærarstillingar i grunnskulen i Sveio kommune frå 1.8.2025, både i faste stillingar og i vikariat. Sveioskulen søkjer deg som har høg fagleg kompetanse og er motivert for å delta i utvikling av kvalitet i opplæringa. Elevane skal oppleve eit pedagogisk tilbod kor det blir lagt til rette for kreativitet, lærelyst og meistring. Dei skal møte trygge tilsette som tek ansvar for gode relasjonar i eit inkluderande felleskap. Elevane skal oppleve å bli lytta til og kunne medverke i eigen kvardag.
Skulane skal vera ein arena for tidleg innsats og inkluderande læringsmiljø. Skulane arbeida aktivt med å utvikle gode profesjonsfellesskap og arbeidsmiljø. Fleire av skulane arbeidar etter to-lærarmetoden, og Sveio-skulen er med i dei ulike kompetanseordningane. I samanheng med kompetanseløftet og oppvekstreforma blir du med som ein viktig lagspelar i arbeidet med å skape gode oppvekst- og læringsbetingelsar for barn og unge i Sveio kommune.
Sveio kommune har tre barneskular, eit oppvekstsenter og ein kombinert barne- og ungdomssskule. Informasjon om skulane er å finn heimesidene til kommunen. Ta gjerne direkte kontakt med den einskilde rektor for meir informasjon.
Arbeidsoppgåver
- planlegging og leiing av elevane si læring
- arbeida målretta for å skape eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø
- arbeida aktivt med pedagogisk innhald i skulen
- utvikla den digitale kompetansen til elevane og arbeidsplassen
- sikra tidleg innsats for å fanga opp utanforskap og mangel på meistring
- delta aktivt i utvikling av det profesjonelle læringsfellesskapet
Kvalifikasjonar
- godkjend undervisningskompetanse (Opplæringslova §10-1 jfr. forskrift til opplæringslova §14)
- søkjarar med undervisningskompetanse i norsk, matematikk, engelsk, tysk og spansk har me særleg nytte for
- undervisningskompetanse i spansk og tysk
- barnehagelærar med skuleretta tilleggsutdanning kan bli vurdert som tolærar ved 1 og 2 trinn
- spesialpedagogikk med hovudvekt på psykososiale vanskar kan bli prioritert
Personlege eigenskapar
- fagleg engasjert og motivert, og ønskjer å bidra til utvikling av Sveioskulane
- tett på elevane si læring og utvikling, og har eit sterkt pedagogisk engasjement
- eit inkluderande elevsyn og er i stand til å sjå den enkelte elev
- god på samarbeid og evner å skape gode relasjonar med elevar, føresette og kollegaer
evne til sjølvstendig arbeid du kan gje og ta imot rettleiing
Personlege eigenskapar blir lagt vekt på
Vi tilbyr
- utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap på eigen skule og på tvers av skulane
- god rettleiing og oppfølging av nyutdanna
- eit fagmiljø under utvikling som du får vere med å påverke og utvikle
- løn etter gjeldande tariffavtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar
- det blir krevd gyldig politiattest for alle som skal arbeide i skule
Kontaktpersoner for stillingen
Camilla F. Tverfjell
Rektor v/Auklandshamn skule
+4753748360
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.
Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.
Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.
Sektor
Offentlig
Nettsted