Hopp til innhold

Butikkansvarleg butikk/kundemottak

Arbeidsgiver

Voss Liftutleige AS

Sted

Brynalii 102, 5705 Voss

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Butikkansvarleg
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Me søkjer etter ein butikkansvarleg til vår butikk/kundemottak

Voss Liftutleige AS er eit selskap som har flytta inn i flotte nye lokale på Bryn. Me er ei bedrift med 6 tilsette. Selskapet er i stadig vekst og med høge ambisjonar om å levera god service og høg kvalitet til våre kundar.

Voss Liftutleige AS ynskjer å få tak i deg som kan være med å drifta vår flotte nye butikk/kundemottak.

Me ser etter deg som er/har:

· Erfaring frå drift av butikk

· Serviceinnstilt

· Sjølvgåande

· Ha auga for gode og smarte løysingar

· Førarkortklasse B (fordel om ein har klasse BE)

· Beherska digitale verktøy og IT system

Hovudoppgåver:

Svara på alle typar førespurnader pr telefon og e-post.
Kundekontakt ved både bestilling og utlevering/innlevering av utstyr.
Mottakskontroll av returnert utstyr.
Administrative oppgåver som fakturering og lagerstyring butikk.

Me tilbyr:

· Godt arbeidsmiljø

· Kollegaer med høg kompetanse.

· Variert arbeidskvardag

· Kursing/sertifisering innan bruk av utstyr/førarkort kl. BE

· Løn etter avtale

· Gode pensjonsløysningar

· Bedriftshelseteneste

Søknad med CV, send til: ketil@vossliftutleige.no

Er du nysgjerrig og vil vita meir, ta kontakt med Ketil Bere på

Tlf: 90 36 38 40

Søknadsfrist: Innan 31.12.2025

Om bedriften

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

39e64032-d8c5-40ad-98ab-e4ddb28c2b94

Sist endret

1. januar 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

440209411

Lignende annonser

Laster lignende annonser