Hopp til innhold

Undervisningsstilling på yrkessjåførlinja

Arbeidsgiver

Rogaland fylkeskommune

Sted

Birkelandsvegen 80, 4200 Sauda

Om jobben

Stillingstittel
Undervisningsstilling på yrkessjåførlinja
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 25. februar

Arbeidsoppgåver:

Skulen har ledig 2 undervisningsstillingar (inntil 200%) på vg3 yrkessjåfør.  Me tilbyr spennande stillingar i eit godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer. Me tilbyr gode moglegheiter for fagleg utvikling og vidare- og etterutdanning. Stillinga inneber:

  • undervisning og veiledning innan aktuelle fag
  • deltaking i teamarbeid innan aktuelle fagseksjonar
  • deltaking i pedagogisk og fagleg utviklingsarbeid 

Me ser etter deg som har følgjande kvalifikasjonar:

  • godkjenning som trafikklærar tunge kjøretøy.
  • 2 års relevant utdanning etter vidaregåande skule-nivå
  • 4 år med yrkespraksis etter fullført vidaregåande opplæring
  • relevant arbeidserfaring
  • førarkort klasse A, B, C, CE, D og DE.
  • praktisk pedagogisk utdanning eller tilsvarande frå trafikklærerutdanninga ved Nord universitet/HiNt
  • godkjent politiattest for stillingar i skulen

 

Dersom du finn denne stilinga interessant, men manglar deler av den formelle kompetansen, oppmodar me deg likevel til å søkje. Aktuelle søkarar vil bli innkalt til intervju.


Me ønskjer at du:

  • er god på klasseleiing og kommunikasjon med elevar 
  • er ein god relasjonsbyggar til elevar, kollegaer og føresette
  • har evne til å sjå elevane sitt potensiale ogutviklingsmogelegheiter 
  • har eit fagleg engasjement og som brukar digitale verktøy i undervisninga 
  • har eit ønskje om å bidra positivt inn i eit allereie godt arbeidsmiljø

Som tilsett hos oss får du:

  • utfordrande og spennande oppgåver i eit utviklande fellesskap  
  • høgt utdanna og trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø  
  • ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidreg til fellesskapet 
  • gode faglege utviklingsmoglegheiter  
  • gode pensjons- og forsikringsordningar  
  • gode velferdsordningar og livsfasetiltak  
  • lønn etter gjeldande lov- og avtaleverk 
  • friperiodar som følgjer skuleåret

Søknaden din bør inneholde:

  • Søknadsbrev
  • CV 
  • Legg ved vitnemål (henta frå vitnemålsportalen.no) og attestar.
  • Utdanning frå  utlandet:  legg ved godkjenning frå direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (Hkdir)

Korleis søkje på stillingar hos oss

Du kan søkje på stillinga gjennom jobbsøkjarportalen til Grade Jobbnorge. For å søkje må du ha din eigen jobbsøkarkonto.

CV blir fylt inn i det elektroniske CV-skjemaet som er tilgjengeleg i søknaden. Det er mogleg å laste opp vedlegg ved behov.

Sjå gjerne hjelpesenteret for jobbsøkjarar her: Grade Kunnskapsbase – Hjelp for jobbsøkjarar

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Dersom du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du bli varsla før lista blir gjort offentleg.

Vi set stor pris på jobben du legg ned i søknaden din, og vi blir svært glade dersom du som aktuell søkjar sender inn ein søknad til oss!


Vårt samfunnsoppdrag 

Rogaland fylkeskommune står framfor ei spennande tid, prega av både utfordringar og moglegheiter. Gjennom visjonen vår «Saman for eit grønt og attraktivt Rogaland» vil vi forplikte oss til å vere ein drivkraft for god samfunnsutvikling i heile fylket. Denne visjonen er grunnlaget for alt me gjer, og han speglar målet vårt om å skape eit Rogaland som er attraktivt for både innbyggjarar og besøkande.

Rogaland fylkeskommune vil mellom anna:

  • bidra til utvikling av levande og attraktive byar, sentrum og lokalsamfunn gjennom kompetanse, nettverksbygging, heilskapleg innsikt og gode prosessverktøy
  • sikre utdannings- og kompetansemoglegheiter i heile fylket
  • bidra til eit kortreist kvardagsliv gjennom samordna areal- og transportplanlegging
  • bistå kommunane med å leggje til rette for ei kunnskapsbasert og heilskapleg bustadforsyning som både tek omsyn til effektiv arealbruk og bustadmangfald
  • arbeide for gode og trafikktrygge løysingar for gåande, syklande og dei som reiser kollektivt

Kontaktperson for stillingen

Njerve, Nikolas

Avdelingsleder

97126753

nikolas.njerve@skole.rogfk.no

Om bedriften

Rogaland fylkeskommune er ein av dei største arbeidsgivarane i fylket med rundt 4300 tilsette. Me jobbar saman for eit grønt og attraktivt Rogaland.
Vil du vere med og byggje eit betre Rogaland saman med flinke og engasjerte kollegaer?

Sauda vidaregåande skule har om lag 100 tilsette for å gi nærare 450 elevar og vaksne deltakarar eit breitt tilbod innan yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram. Skulen har tre avdelingar, to i Sauda og ein i Suldal. Skulen har status som regionalt kompetansesenter for indre Ryfylke og er samstundes eit av seks opplæringssenter innan vidaregåande opplæring for vaksne i Rogaland. Skulen har som mål at alle elevane skal trivast og lukkast med utdanninga og framtidsplanane sine. Skulen kan vise til gode resultat gjennom mange år og har ein kultur pregar av engasjement, tillit, høg fagleg kompetanse og samarbeid i heile organisasjonen. Skulen søker heile tida nye og framtidsretta løysingar og tilbod. Fleire spennande nisjetilbod gjer at mange elevar flyttar til Sauda eller Sand på hybel og internat. Me fokuserer på å ta imot tilreisande elevar på ein god måte.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

39bc7e90-e34e-489f-a926-90f0015f4797

Sist endret

13. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10282617

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Haugaland Taxi As

Sted

Haugesund, Bokn, Haugesund, Karmøy, Suldal, Tysvær, Vindafjord, Bømlo, Etne, Stord, Sveio

Superrask søknad