Sosionom i TSB poliklinikk, Haugaland DPS, engasjement
TSB poliklinikk Haugaland DPS, Helse Fonna HF
Asaldalvegen 1, 4250 Kopervik
Om jobben
Stillingstittel
Sosionom i TSB poliklinikk, Haugaland DPS
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Ruspoliklinikken/TSB poliklinikk er ein tverrfagleg sammensatt poliklinikk med lege, psykologspesialist, sosionomar og spesialsjukepleiarar. Vi tilbyr utgreiing og behandling av personar med psykiske lidingar og rusmiddelavhengigheit frå 16 år og opp. Arbeidet inneber individuell utgreiing og behandling i våre lokalitetar, samt ambulerande konsultasjonar ut i omliggande kommunar. I tillegg har vi pårørandearbeid, målretta og langvarig samarbeid med kommunale instansar og andre deler av spesialisthelsetenesta. Vi har også eit nyoppretta FACT Rus team som starta opp hausten 2021.
Det må påbereknas arbeid ved Haugaland DPS sine lokalitetar, for tia i hovudsak Karmøy, men enkeltdagar i Haugesund.
Stillinga er 100 % engasjement for eit år, med for tida dagtid / 37,5 timers arbeidsveke, og er ledig frå snarast.
Arbeidsoppgåver
- Behandlaransvar for pasientar med TSB rettigheter og som er i LAR behandling
- Utgreie og søke inn pasientar til relevant institusjonsbehandling
- Eksternt og internt samarbeid for ei heilskapeleg tilnærming til psykiske, somatiske og sosiale forhold
- Deltaking i ansvarsgrupper rundt pasientane
- Undervisning, rettleiing og konsultasjon ved behov overfor kollegaer, interne/eksterne samarbeidspartnarar
- Kontinuerleg fagleg oppdatering, inklusive nasjonale faglege retningsliner, rettleiarar m.m.
- Dokumentasjon av behandlingsintervensjonar og samarbeid gjennom journalføring og rapportering
Kvalifikasjonar
- Bachelor i sosialt arbeid (sosionom) med norsk autorisasjon
- Vidareutdanning innan rus og/eller psykisk helsearbeid, eller annan relevant vidareutdanning, er ein fordel men ikkje eit krav
- Erfaring med individuell behandling av ruslidelser/psykiske lidelser fra poliklinikk i DPS, sykehus eller kommunal psykisk helsetjeneste er ønskeleg
- Personleg eignethet vil bli tillagt stor vekt
- Gode norsk ferdigheiter, skriftleg og munnleg
- Førarkort for bil er ønskeleg
Personlege eigenskapar
- Evne til samarbeid
- Gode kommunikasjonsferdigheiter
- Evne til å stå i krevande situasjonar
- Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- Strukturert
- Evne til ryddig og god dokumentasjon
- God IT-kunnskap
- Evne til å sette seg inn i og jobbe etter poliklinikken sine rutinar og praksis
- Fleksibel
- Evne til å ta eit kollektivt ansvar i poliklinikken for å løyse våre felles utfordringar
Vi tilbyr
- Rettleiing og opplæring
- Lønn etter gjeldande avtalar
- Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
June Thorland, Funksjonsleder TSB poliklinikk, 91586623Arbeidsstad
Asaldalvegen 14250 Kopervik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4636507276
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 31.03.2023
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2284948
- Hentet fra
talentech
- Referanse
481dbb2afd9b46c69e3bbcc2577b90f3