Lærar
Bygland Kommune, Bygland og Byglandsfjord oppvekstsenter
Sentrum 18, 4745 Bygland
Om jobben
Stillingstittel
Lærar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
2
Bygland kommune har to oppvekstsenter som begge ligg naturskjønt til i flotte turområde. Bygland oppvekstsenter har 1.-10.-skule, SFO og to-avdelingsbarnehage. Byglandsfjord oppvekstsenter har 1.-7.-skule, SFO og barnehage med ei avdeling. Begge barneskulane er fådelte. Lærarar og fagarbeidarar arbeider tett saman i team, med elevane sin trivsel, tryggleik og læring som felles mål.
Oppvekstsektoren i Bygland kommune er i ei spennande omstilling, og personalet er med på å sette retning for ein berekraftig og framtidsretta sektor. For skuleåret 2023-2024 er det dysleksivenneleg undervisning som er hovudtema for felles kompetanseheving.
- Ved Byglandfjord skule er det ledig eit 50 % vikariat som lærar frå snarast og ut skuleåret 2023-2024.
- Ved Bygland skule er det ledig eit 100 % vikariat som lærar frå snarast og ut skuleåret 2023-2024.
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver. Høve til å vere tett på den einskilde elev og til å gjere ein stor forskjell. Høve til å vere med på spennandre pedagogisk utviklingsarbeid. Eit godt og inkluderandre arbeidsmiljø. Flotte uteområde med kort veg til fjord og fjell.
- Pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse og god personal- og skadeforsikringsordning.
- Lønn iht. gjeldane tariff.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning på alle klassetrinn frå 1.-10.-trinn
- Undervisning i grunnleggande norsk for språklege minoritetar kan bli aktuelt
- Samarbeid med heimane og andre tilsette ved oppvekstsenteret.
- Pedagogisk utviklingsarbeid innom og på tvers av team.
Kvalifikasjonar
- Utdanning: Grunnskulelærar.
- Oppdatert kunnskap om- og ferdigheit innan digitale verktøy og læringsmetodar.
- Interesse for tverrfagleg og temabasert tilnærming til læring.
Personlege eigenskapar
- Engasjert og initiativrik
- Fleksibel og løysingsorientert
- Evne til å sjå den einskilde elev, både fagleg og sosialt
- God på klasseleiing og å skape gode relasjonar mellom elevar
- Skape godt samarbeid mellom skule og heim
- Vilje til å bidra til delingskultur, felles utvikling og eit godt arbeidsmiljø
- Sjølvstendig
Kontaktinformasjon
Hind Helene Harira, Tenesteleiar Oppvekst, 48180180, hind.helene.harira@bygland.kommune.noLene Fjerdingstad, Assisterande tenesteleiar Bygland skule, 97506414, lene.fjerdingstad@bygland.kommune.no
Linda Hemmestad Dale, Assisterande tenesteleiar Byglandsfjord skule, 41302416, linda.dale@bygland.kommunne.no
Arbeidssted
Sentrum 184745 Bygland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bygland KommuneReferansenr.: 4723501654
Stillingsprosent: 50, 100%
Vikar
Om bedriften
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2474153
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b63fcf2e5760423695d5541e95315a3a