Sjukepleiar/vernepleiar i heimetenesta
Sogndal kommune Heimetenesta avd Sogndal
Skulevegen , 6856 Sogndal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 24. august
Likar du tanken på ein variert og meiningsfull kvardag, der du verkeleg kan gjere ein forskjell? Då er dette jobben for deg! Me søkjer deg som vil vere med på å skape tryggleik, meistring og gode augneblink for brukarane våre - i deira eigen heim.
Hos oss blir du del av eit sterkt fagmiljø med kollegaer som støttar, utfordrar og heiar på deg. Du får bruke din faglege kompetanse i både avanserte prosedyrar og i det nære og relasjonelle arbeidet. Ingen dagar er like, men alle dagar er viktige!
Me har plass til deg på laget vårt i heimetenesta!- 1 x 100 % fast sjukepleiarstilling
- 1 x 100 % fast vernepleiarstilling
- 3-delt turnus
- For stillinga som sjukepleiar gjeld 3.kvar helg, med høve for langvakter 4.kvar eller 6.kvar helg frå veke 9 i 2026
- For stillinga som vernepleiar gjeld 4.kvar helg, med høve for langvakter 6.kvar helg eller 3.kvar helg (ordinære vakter) frå veke 9 i 2026
- Fleksible turnusløysingar og årsturnus
· Direkte pleie og sørge for at faglege oppgåver utførast i tråd med gjeldande krav til kvalitet
· Sikre dokumentasjon etter gjeldande lovverk og tiltaksplanar i Gerica
· Rettleiing og undervisning av pasienter, pårørende, studenter og kollegaer
· Bruk av velferdsteknologi og tverrfagleg samarbeid
Kva får du hos oss?· Ein spennande arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
· Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
· Støtte frå eigen fagsjukepleiar
· Gode pensjons- og forsikringsordningar
· Gode velferdsordningar og løn etter tariff
Kven er du?· Offentleg godkjent sjukepleiar eller vernepleiar
· Beherskar norsk både munnleg og skriftleg
· Førarkort klasse B
· Godkjent politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
· Engasjert, ansvarsbevisst og fleksibel
· Likar utfordringar og ein variert arbeidskvardag
Er du klar for nye utfordringar i eit miljø der trivsel og fagleg utvikling går hand i hand?
Me gleder oss til å ønskje deg velkommen! Tilsetjing skjer fortløpande – søk no!Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Ailin Fagerdal Risvik
Tenesteleiar heimetenesta i Sogndal
90401165 57652562
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
397b8fb0-1227-479e-8903-39914987ee2e
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3531687_198627_nn