Tenestestadsleiar Fjaler politistasjon
Sunnfjord politistasjonsdistrikt, Vest politidistrikt
Dalsvegen 86, 6963 Dale i Sunnfjord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tenestestadsleiar Fjaler politistasjon
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. mai
Vi søkjer ein leiar som er modig og sjølvstendig, med vilje til å skape gode resultat gjennom god struktur og høg evne til gjennomføring i eit heilskapleg perspektiv. Du må kunne bygge gode relasjonar og ha god personalomsorg, vere motiverande og inkluderande, tett på, og ha evne å rettleie medarbeidarane.
Geografisk driftseining Sogn og Fjordane består av tenesteeiningane Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. I tillegg er det ein eigen etterforskingsavdeling. Driftseininga har kombiteneste med utvida aktiv teneste og beredskapsvakt. Det blir utført patruljeteneste, førebyggjande teneste og etterforsking ved alle tenestestadene. Sivile oppgåver er i all hovudsak lokalisert til hovudkontora for tenesteeiningane; Førde, Nordfjordeid og Sogndal.
Arbeidsoppgåver
- Personal-, HMS-, og resultatansvar for eininga
- Ansvar for at administrative og politifaglege oppgåver som ligg til tenestestaden blir utført med høg kvalitet, og i samsvar med gjeldande lovar, reglar og instruksar
- Utøve dagleg tryggleiksmessig leiing. Du skal rettleie og følgje opp dine tilsette slik at dei har kunnskap, ferdigheiter og haldningar som tar hand om tryggleiken ved tenestestaden
- Vere politikontakt, og utføre aktivt kriminalførebyggande samarbeid med kommune og andre eksterne samarbeidspartnarar
- Bidra aktivt til at politiet i alt sitt virke er i forkant av kriminaliteten
- Følge opp føringar og avgjerder med fokus på å skape resultat med høg måloppnåelse innan gitte frister
- Oppfølging av straffesaker ved tenestestaden
- Ta del i tenesteeininga si leiargruppe og bidra til heilskapleg tenking, samt gode og framtidsretta løysingar innanfor eininga
- Byggja ein god organisasjonskultur i samsvar med politiet sine kjerneverdiar modig, heilskapsorientert, respekt og tett på
- Motivere og utvikle medarbeidarar
- Tilrettelegge for kunnskapsbasert læring og systematiske forbetringar
- Vakt og beredskap etter behov
- Etterforskingsarbeid saman med dei andre politiansatte ved behov
- Planlegging og oppsett av tenesteliste ut frå lokale forhold og kriminalitetsutviklinga
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
- Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen
- Brei politifagleg erfaring
- Kjennskap til systematisk HMS arbeid
- God resultatoppnåing i tidlegare stillingar
- Vere IP4-godkjent eller vere kvalifisert og villig til å bli det
- Vere eller kunne bli godkjent som utrykkingssjåfør
- God IT- og systemkompetanse
- God munnleg og skriftleg framføring
- Utdanning innan organisasjon og leiing blir vektlagd
- Leiarerfaring blir vektlagd
- Erfaring i å handtere media er ein fordel
- Kjennskap til politiets planleggings- og styringsverktøy er ein fordel
Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Den som ansettes må kunne sikkerhetsklarerast for hemmeleg.
Personlege eigenskapar
- Gode evner til å setje retning, drive endring og bidra til god verksemdsutvikling
- Løysingsorientert med evne til å ta avgjerder og skape resultat i eit heilskapleg perspektiv
- Vere ein tydeleg og tilgjengeleg leiar med evne til å vise god personalomsorg og motivere sine medarbeidare
- Evne til å bygge relasjonar og samhandle internt og eksternt
- Samfunnsorientert med forståing for eininga si rolle i samfunnsoppdraget til politiet
Som medarbeidar i politiet er du modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Som leiar må du i tillegg kunne leie i samsvar med vår medarbeiderplattform
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme fremtidas politi
- Stillinga som politioverbetjent (SKO 0287) med funksjon som tenestestadsleiar, blir løna frå kr. 820.000,- brutto pr år. Vidare lønsutvikling vil skje i samsvar med hovudtariffavtalane i staten
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant annet gode pensjons- og forsikringsordninger (www.spk.no)
Generelt
For stillingane gjeld vanlege tilsetjingsvilkår for staten, mellom anna prøvetid etter Statsansatteloven. Søkjar må kunne bruke både bokmål og nynorsk.
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil vi tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst ein søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil si positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.
Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i vår rekrutteringsportal dersom dei har funksjonsnedsetting, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkrysningane i rekrutteringsportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Les mer på https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Stadfesta vitnemål og attestar må takast med til intervjuet. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf. Offentleglova § 25.Vi ber om elektronisk søknad via lenka.
Saksnr: 25/103895
Kontaktinformasjon
Wenke Hope, Tenesteeiningsleiar Sunnfjord, 90165584Spørsmål om elektronisk søknad/ CV, Seksjon for HR, 207.HR@politiet.no
Arbeidssted
Dalsvegen 866963 Dale
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vest politidistriktReferansenr.: 4948805986
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 18.05.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Wenke Hope
Tenesteeiningsleiar Sunnfjord
90165584
Om bedriften
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med om lag 611 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt.
Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med konstituert politimeister Ane Kvaal som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2929322
- Hentet fra
talentech
- Referanse
58c8b76df2ea4f639385cfb31e4ef26f