Helsefagarbeidar Nattevakt Ølve - 80% fast
Kvinnherad kommune Heimetenester Rosendal
Ølvesvegen 485, 5637 Ølve
Om jobben
- Stillingstittel
- Heimetenesta på Ølve søkjer ny kollega på natt
- Type ansettelse
- Fast, deltid 80%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 23. august
Trivst du med å arbeide om natta og ønskjer å bidra til tryggleik og gode tenester for pasientane våre? Nattevaktene i Ølve i Kvinnherad kommune søkjer no ein ny kollega til teamet vårt.
På natt gir vi tenester til brukarar i omsorgsboligar og i heimen. Det gjer at vi har ein variert arbeidskvardag og utviklar brei fagleg kompetanse. Nattevaktene samarbeider tett og er kjende for å vere løysingsorienterte og gode på samarbeid.
Hos oss blir du ein del av eit inkluderande fagmiljø der vi støttar kvarandre og arbeider saman for å gi trygge og gode tenester gjennom natta.
Arbeidsoppgåver
- Fagleg oppfølging av pasientar og brukarar
- Bidra til tryggleik og kvalitet i tenestene gjennom natta
- Samarbeid med kollegaer og andre faggrupper
- Dokumentasjon og oppfølging av tiltak
- Handtering av akutte og uforutsette situasjonar
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- er fagleg trygg og kan arbeide sjølvstendig
- har gode samarbeidsevner
- er løysingsorientert
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- møter pasientar og pårørande med respekt og omsorg
Vi tilbyr
- Opplæring og støtte frå erfarne kollegaer
- Eit godt fagmiljø med fokus på samarbeid og utvikling
- Gode arbeidstilhøve
- Løn etter gjeldande avtaleverk
Gode ordningar i Kvinnherad kommune
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
- Etter eitt år i jobb kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet
- Gratis SFO
- Søskenmoderasjon i barnehage
- Per i dag ingen eigedomsskatt på hus, hytter og næring
Praktisk informasjonTilsetjing snarast.
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Gyldig politiattest må leggast fram der det er påkravd.
Vil du bli vår nye kollega?
Send oss ein søknad – vi gler oss til å høyre frå deg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
39522978-d464-4002-a39f-186e4011b235
- Sist endret
23. juli 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3648741_225981_nn