Blombakkane bustader
Øygarden kommune Blombakkane bustader
Blombakkane, 5354 Straume, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar 2*100% fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 30. juni
Om avdelinga:
Blombakkane bustader yter heildøgns omsorgstenester til 9 personar med psykisk utviklingshemming og ulike bistandsbehov. Blombakkane bustader ligg sentralt på Straume med gangavstand frå Straume bussterminal. Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, sjølvråderett, tillitsskapande arbeid og meistring tilleggas stor vekt. Vi er ein flott og tverrfagleg samansett personalgruppe beståande av vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, helsefagarbeidarar og assistentar.
Vi har no ledig 2 100% faste stillingar som sjukepleiar/vernepleiar. Stillingane er ledig frå 01.07.25 og 01.08.25. Årsturnus ligg med langvakter (12,5 t), og arbeid kvar 4 helg. Moglegheit for neste års turnus med ordinære vakter med arbeid 3 kvar helg, eller ordinære vakter i uke og langvakt kvar 4 helg.
Vi søkjer deg som brenn for å sikre gode tenestar til mennesker med utviklingshemning. Du er fagleg engasjert, og liker å ta ansvar og arbeide for god kvalitet i tenesta vår i samarbeid med andre. Som sjukepleiar/vernepleiar vil du få gode moglegheiter til fagleg utvikling både innan miljøterapi og innan somatisk helse.
Arbeidsoppgåver:
- Legemiddelhandtering
- Oppfølging i henhold til helse og omsorgstjenestelova kap. 9 og pasient og brukerrettighetslova kap. 4a.
- Dagleg omsorg og miljøarbeid i tenesta til den enkelte
- Fagleg arbeid med observasjon, rettleiing, motivering, gjennomføring og evaluering av tiltak tilpassa aktuelle bebuarar.
- Primærkontaktansvar, tverrfagleg samarbeid med ulike instansar og kontakt med pårørande.
- Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå avdelingsleiar.
Kvalifikasjonar:
Må ha:- 3-årig høgskuleutdanning, sjukepleiar/vernepleiar
- Gyldig autorisasjon
- Kjennskap til Helse og omsorgstenestelova kap. 9 og Pasient og brukerrettighetsloven kap. 4a
- Erfaring frå brukergruppen
- Sertifikat klasse b
- Engasjert, fleksibel og initiativrik
- Open og etisk reflektert
- Påliteleg, ydmyk, tolmodig og omgjengeleg
- Evne til å arbeide målretta og strukturert, sjølvstendig og i team.
- Ansvarsbevisst
Anna:
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus på natt får eit ubekvemstillegg på kr 40.000,- ( justert etter st. %)
Vi tilbyr:- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling.
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
Kontakt:
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
393ce598-8d97-4a9a-9bdd-432995cc78c1
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3510047_192849_nn